Årsmelding 2015

GRØNT OG GENIALT

Sogn og Fjordane kom med i Grønt og Genialt prosjektet i 2014. Grønt og Genialt inneheld både ein gründercamp del og ein elevbedriftsdel. I tillegg er der eit foredrag av miljøambassadørane.  Vi fekk tre skular med på dette opplegget i 2014.

Halbrend

Her ei av gruppene frå gründercampen på Halbrend skule i Førde, som lanserte ein ide om ei avfallsbøtte som skulle gjere folk medvitne på kor mykje mat dei kastar. Gründercampoppdraget var fastsett nasjonalt, dvs at alle skulane i landet som er med i dette prosjektet skulle arbeide med same oppdrag. 

Mange kreative løysingar rundt omkring, m.a gruppa som kom opp med ideen "Grisepant". Den gjekk ut på at eit nabolag har ein grisebinge med griser, desse vert mata av matavfall. Matavfallet ditt blir registrert, og når slaktetida kjem kan du hente deg litt grisekjøt alt etter kor mykje matavfall du har levert. Genialt!

Grønt og Genialt  gjennomførte vi  på Halbrend skule i Førde,  Sagatun skule i Balestrand og  Flatbygdi skule i Vik.  

Flatbygdi gjennomførte og gode bedrifter på gjennbruk og resirkulering, og bedrifta «Full fyr» vann ein av prisane på Sognemessa i mai. 

flatbygdi 1

Produktet deira var opptenningsrullar som var laga av gamalt avispapir og litt parafin/stearin. Posane sydde dei av aviser, alt kunne brennast. 

flatbygdi