Årsmelding 2015

FYLKESMESSA 2015 - SOGN OG FJORDANE

Fylkesmessa 2015 vart arrangert i Førdehuset   den 4. mars med 28 deltakande ungdomsbedrifter og rundt 250 elevar og lærarar.

 

Eit dommarpanel på rundt 30 personar var i sving for å juryere i dei ulike klassane.  Beste ungdomsbedrift i Sogn og Fjordane 2015 heiter «Westtip Supplies UB» og kjem frå Eid vidaregåande skule.  Westtip Supplies UB er ei bedrift som har utvikla ei innovativ løysing innan oppdrettsnæringa. Dei har automatisert prosessen med å fjerne død fisk frå oppdrettsanlegg, ein prosess som fram til no har vore tidkrevande og belastande på dei som skal utføre det.

IMG_8012

Westtip Supplies UB, Eid vgs

Dei andre vinnarane på Fylkesmessa 2015 var : 

Beste Ungdomsbedrift 2. plass : iPlan UB, Årdal vgs

Beste Ungdomsbedrift 3.plass : Safe Sound UB, Årdal vgs

Beste sosiale entreprenør 1.pris : Prosjekt Malawi UB, Flora vgs

Beste sosiale entreprenør 2. pris : Tilbakeblikk UB, Sogndal vgs

Beste internasjonale prosjekt 1. pris : Prosjekt Malawi UB, Flora vgs

Beste produktdesign 1. pris : Westtip Supplies UB, Eid vgs

Beste produktdesign 2. pris : Safe Sound UB, Årdal vgs

Beste rekneskap 1.pris : Agricola UB, Mo og Øyrane vgs

Beste innovative idé 1. pris : Safe Sound UB, Årdal vgs

Beste innovative produkt 1. pris : Safe Sound UB, Årdal vgs

Beste teneste 1. pris : Fiskeriket UB, Måløy vgs

Beste teneste 2. pris : VikingTech UB, Flora vgs

Beste produkt 1. pris : Westtip Supplies, Eid vgs

Beste produkt 2. pris : iPlan UB, Årdal vgs

Beste klima og miljøtiltak : DesignIt UB, Eid vgs

Beste utstilling 1. pris : Tilbakeblikk UB, Sogndal vgs

Beste utstilling 2. pris : Agricola UB, Mo og Øyrane vgs

Beste marknadsføringstiltak 1. pris : RAW Media UB, Hafstad vgs

Beste marknadsføringstiltak 2. pris : Fiskeriket UB, Måløy vgs

Beste HR bedrift 1. pris : iPlan UB, Årdal vgs