Årsmelding 2015

FORNYBAR ENERGI GRUNNSKULE

Energi for framtida er namnet på kapittelet i læreboka i naturfag som omhandlar fornybar energi i 10 kl, og grunnskuleprosjektet vårt på fornybar energi har difor fått dette namnet. Vi har samarbeid med dei største energiselskapa i fylket, Sogn og Fjordane Energi, Sognekraft, Sunnfjord Energi og Stryn Energi. Desse er med oss på campane og stiller sin faglege kompetanse på fornybar energi til disposisjon for elevane. Vi har laga oppgåver saman med kraftselskapa ut i frå pensum på fornybar energi i 10 klasse.

Stryn

Gründercamp I Stryn: Vinnarlaget frå Stryn ungdomsskule saman med sjefen for Stryn Energi Jan Træen bak t.v og ordførar i Stryn Sven Flo.

Men det er ikkje berre i ungdomsskulen vi gjennomfører campar på fornybar energi. I Vågsøy har vi i fleire år gjennomført ein camp for alle sjuandeklassingane i kommunen, frå 5 skular, og samla dei i Nordfjordhallen i to dagar og arbeida med energi. Samarbeidsparten vår i på dette prosjektet er Sogn og Fjordane Energi. 

Vågsøy

På gründercampen i Vågsøy starta vi med å bygge musefellebil av musefeller og brukte cd plater mm. Her handlar det om stillingsenergi og rørsleenergi. Og ikkje minst om kven som får bilen til å gå lenngst. Oppgåvene på campen handlar elles om bruk av fornybare energikjelder lokalt.

Vi har og arrangert energicampar på andre skular i 2014.