Årsmelding 2015

ENERGI FOR FRAMTIDA INNOVASJONSCAMP

Programmet gründercamp skifta namn i 2015 og vil for framtida heite "Innovasjonscamp."  I 2015 hadde vi høg aktivitet på våre "Energi for framtida" innovasjonscampar. To lag deltok i Trondheim under det nasjonale arrangementet. 

energi for framtida_artikkel

Laget som representerte United World College i Trondheim under nasjonal energi for framtida innovasjonscamp 2015. 

I tillegg til laget frå UWC deltok eit lag frå Årdal vidaregåande skule. Ingen av dei nådde fram til landsfinalen der ein plukkar ut 6 av ca. 30 deltakande lag. 

12 -  Sogn og Fjordane

Laget frå Årdal vgs som var i Trondheim 

Den lokale energi for framtida innovasjonscamp 2015 som skal kvalifisere for deltaking i Trondheim i 2016 vart arrangert 24. november med 8 deltakande skular og 216 elevar fordelt på 4 ulike lokasjonar i fylket : Stryn, Sandane, Sogndal og Førde. Eit lag som består av 4 elevar frå Sogndal vgs stakk av med seieren og skal representere fylket på det nasjonale arrangementet i Trondheim 8. - 10. februar 2016 saman med eit lag frå Firda vgs. 

Arrangementet var basert på same modell som i 2014 der sjølve fylkesfinalen vart avvikla via videokonferanse. 4 energiselskap deltok med lokale jurymedlemmer i tillegg til at dei var vertskap for arrangementet saman med dei vidaregåande skulane. Dei 4 energiselskapa er : Stryn Energi, Sunnfjord Energi, Sognekraft og Sogn og Fjordane energi. Vi rettar ein takk til alle mentorar og jurymedlemmer som stiller opp på dette viktige arrangementet.