Årsmelding 2015

ÅRETS ENTREPRENØRSKAPSLÆRAR 2014

UE Sogn og Fjordane har gjort det til ein tradisjon å kåre "årets entreprenørskapslærar" på fylkesmessa. Prisen går til ein lærar som har utmerka seg ved å drive godt entreprenørskapsarbeid i eigen klasse eller på eigen skule. I år gjekk prisen til Torgeir Halvorsen frå Flora vidaregåande skule. 

IMG_7844

Grunngjeving for utmerkinga var hans formidable innsats for alle elevar ved skulen i høve solidaritetsprosjektet "Prosjekt Malawi" som er administrert gjennom ei ungdomsbedrift ved skulen. 

I juryen sin grunngjeving heiter det : 

Dette er ein lærar som har ofra mykje tid på sine elevar gjennom utallige entreprenørskapsprosjekt over fleire år.

Temaet er sosialt entreprenørskap og han har saman med sine elevar greidd å engasjere ein heil skule og eit heilt lokalsamfunn. Ikkje berre eit, men to lokalsamfunn.

Sjeldan har ei ungdomsbedrift betydd så mykje for så mange. Det er imponerande kva dei har fått til.

  • Høyr berre her kva dei har fått til :

    • eit kulturhus
    • ein kulturskule
    • skaffa internett til lokalbefolkninga
    • yrkesutdanning for unge som aldri kunne ha fått eit tilsvarande tilbod utan desse
    • lagt til rette for utveksling av elevar og lærarar mellom to land
    • vi kan nemne prosjektet «lys i landsbygda» med meir…

     

    Årets entreprenørskapslærar er :

    Torgeir Halvorsen – Flora vgs