Årsmelding 2015

Oppvekst- og utdanningssystemet i Møre og Romsdal skal opplevast som attraktivt og godt tilrettelagt for brukarane. Det skal vere god samanheng mellom utdanningsnivå og skulane skal levere kompetanse som næringslivet og offentleg sektor har bruk for. Tilgang på arbeidstakarar med rett kompetanse kjem til å være viktig for at fylket skal utvikle seg og vere eit godt framtidig utdannings-, bu- og arbeidsfylke.

 

– For at ungdommen skal ha eit godt grunnlag for å gjere utdanningsval og kvalifisere seg til arbeidslivet er det viktig å etablere eit samanhengande system for karriererettleiing i grunnopplæringa i fylket. Ungt Entreprenørskap sine program utfordrar elevane til å tenkje praktisk og kreativt. Dei lærer om lokale ressursar og muligheiter, om innovasjon og om korleis ei bedrift fungerer. Vi vonar det er med på å motivere elevane til å fullføre utdanninga si, og – på sikt - busette seg i fylket. Entreprenørskap i utdanning skaper gode og naturlege møteplassar for elevar, lærarar, næringsliv og lokalsamfunn.

Sverre Hollen, fylkesutdanningssjef