Årsmelding 2015

hoppid.no er eit tilbod til alle gründerar i Møre og Romsdal fylke. Gjennom hoppid.no-kontora i kommunane, får dei råd og rettleiing i alle fasar av ei bedriftsetablering; tilbod om kurs og opplæring, råd om tilskot og finansiering og hjelp i søkeprosessar. I tillegg legg hoppid.no til rette for knoppskyting i næringslivet og for entreprenørskap i skulen. Målet er å skape nye og levedyktige bedrifter, mangfald i arbeidslivet og auka verdiskaping, gjennom å forsterke Møre og Romsdal som gründerfylket. Entreprenørskapssatsinga er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane, Innovasjon Norge og fylkesmannen i Møre og Romsdal. Det er Regional- og næringsavdelinga i fylkeskommunen som har koordineringsansvaret. 

  

– Gjennom Ungt Entreprenørskap får elevane oppleve korleis det er å starte og drive bedrift, samstundes som dei får innsikt i lokalt næringsliv. Det er kreativt, morosamt og ein alternativ, men lærerik, innfallsvinkel til fag som matte og samfunnsfag. Elevane lærer korleis dei kan oppdage og sjå muligheitene som fins rundt seg, og korleis dei kan gjere noko med dei.  Dette er viktig for oss, for det er dei som i dag er skuleelevar som er framtidas gründerar og bedriftsleiarar. Gjennom Ungt entreprenørskap håper vi at dei får mot til å hoppe i det og starte bedrift sjølv.

Bergljot Landstad, regional- og næringssjef.