Årsmelding 2015

UE OG SPAREBANKEN MØRE GIR ELEVANE OPPLÆRING I PERSONLIG ØKONOMI

ØK

 

UE Møre og Romsdal har fornya samarbeidsavtalen med Sparebanken Møre.
Bankens tilsette har vore rettleiarar i programmet Økonomi og karrierevalg. No aukar dei innsatsen og vert rettleiarar for Sjef i eget liv også. UE MR og Sparebanken Møre gjennomførte ein pilot på Ålesund vgs i 2015, og går breitt ut med tilbodet i 2016.

Sjef i eget liv:
Unge menneske vert utsett for eit stort kjøpepress, og tilboda om ulike betalingsløysingar er mange. Fleire av desse betalingsløysingane er freistande og enkle å ta i bruk, men dei kan verte svært kostbare på sikt. Behovet for opplæring i eigen økonomi er difor stort.  

«Sjef i eget liv» er bygd opp rundt ei digital plattform som viser korleis forbruksval påverkar mulegheitene for å spare opp eigenkapital til bustadkjøp. Elevane vil få ei forståing av at dei val dei gjer allereie i dag, kan ha stor betyding for mulegheitene til å kjøpe eigen bustad seinare i livet.

Gjennom programmet vert elevane sett overfor ulike situasjonar som  synleggjer konsekvensane av eigne val knytt til utdanning  og karriere,  personleg økonomi og det å sjå verdien av langsiktig sparing.