Årsmelding 2015

TRASHLOCK UB GJORDE EIN FLOTT INNSATS I EM FOR UNGDOMSBEDRIFTER

Trashlock-UB-gjorde-ein-flott-innsats-i-EM-for-Ungdomsbedrifter_article 3

Trashlock UB på stand, frå venstre Kornelius Bjørge, Mathias Tørlen, Iver Myklebust, Glenn-Andre Flusund og Vegard Hansen.

Trashlock UB frå Spjelkavik vidaregåande skule representerte Noreg under  EM for ungdomsbedrifter i Berlin. Ungdomsbedrifta gjorde ein fantastisk innsats i løpet av den tre dagar lange EM-konkurransen.  

Kornelius Bjørge, Mathias Tørlen, Iver Myklebust, Glenn-Andre Flusund og Vegard Hansen konkurrerte med 37 andre ungdomsbedrifter på JA Europe Company of the Year Competition i Berlin.

Trashlock UB var igjennom panelintervju, presentasjon på stor scene, stand og standintervju.
Det var vertskapslandet Tyskland som tok 1. plassen, med Latvia og Israel på 2. og 3. plass.

– Det har vært ei fantastisk oppleving å få delta på eit så stort og profesjonelt arrangement, saman med så mange flinke ungdomsbedrifter. Det vart dessverre ingen premie denne gongen, men vi har lært mykje - og tatt med oss gode og nyttige erfaringar heim i kofferten. Vi gratulerer Rauteck og Tyskland med sigeren, seier dagleg leiar Iver Myklebust i Trashlock UB.