Årsmelding 2015

ELEVAR VED SYKKYLVEN VGS GÅR NYE VEGAR INNAN ENTREPRENØRSKAP

Elevar-ved-Sykkylven-vgs-gaar-nye-vegar-innan-entreprenorskap-_article

Sykkylven vidaregåande skule  har entreprenørskap som satsingsområde.  Dette skuleåret har dei 17 ungdomsbedrifter. Skulen har gått nye vegar i entreprenørskapsarbeidet. Dei har opna «Huset». 

«Huset» har både kafedrift og er utsalsstad for produkt og tenester som dei 17 ungdomsbedriftene ved skulen tilbyr. «Huset» skal  drivast av elevane i ungdomsbedrifta  Husgjengen UB.

Det to etasjar vesle huset midt i Sykkylven sentrum skal også vere ein sosial møteplass for alle,  og ein ekstern læringsarena for elevane ved skulen. Husgjengen UB vil at «Huset» skal bli brukt av bygdefolket.

Mange gjestar var til stades  under  opninga; representantar frå  Sykkylven kommune , Sykkylven Handelsforeining, alle daglege leiarar i ungdomsbedriftene ved skulen, Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal v/ Kirsten Aure, og  Møre og Romsdal fylke ved fylkesutdanningssjef Rune Opstad.  Sykkylvsordførar Odd Jostein Drotninghaug klipte snora og stod med dette for den offisielle opninga av «Huset».