Årsmelding 2015

LEDER  

KA 2013 2

 

 INNOVATØRAR TRENGS OVERALT!

Møre og Romsdal står framfor store og fundamentale endringar i arbeids- og samfunnsliv. Det krev at vi tenkjer nytt om korleis vi utdannar neste generasjon.

Media fortel dagleg om endringar i arbeidsmarknaden og gir signal om at framtidas arbeidstakarar må skifte arbeidsplass og yrke fleire gonger. I den næraste framtid vert kommunekartet endra – og offentleg sektor  må tenkje nye strategiar og nye løysingar.

Våre ungemå ta ansvar for eldrebølga som kjem. Dei må takle miljø-utfordringar i ukjent skala. Dei skal konkurrere i globale marknader der endringar er den nye normalen.

Det nye arbeidslivet vil krevje ferdigheiter som kreativitet, samarbeid, evne til å ta initiativ, risikohandtering, kommunikasjon og sosiale ferdigheter. Kort sagt – entreprenørskap!

For å øve på desse ferdigheitene, må barn og unge få meir praktisk læring, og være i kontakt med verda utanfor skolen.

I 15 år har Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal gitt skolane tilbod om entreprenørskapsaktivitetar.

  • I 2000 deltok 120 elevar i programmet Ungdomsbedrift saman med 12 lærarar.
  • I 2015 fekk 14 500 elevar og studentar i fylket entreprenørskapsundervisning ved hjelp av program frå UE. Inkludert info- og kurs-tiltak er talet 20 520.
  • Ca. 2000 lærarar har deltatt på kurs og/eller nytta eit UE-program i 2015.
  • Næringslivet har bidratt med 3500 dagsverk i 2015 – og slik gjett elevane verdfull kontakt med lokalt arbeidsliv.

 

UE Møre og Romsdal gir elevar og studentar kompetanse og motivasjon til å:

  • etablere eigen arbeidsplass
  • sjå muligheitene for ei framtid i fylket
  • tenkje innovativt og sjå muligheiter for endring
  • velje rett karriereveg

Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal sine prosjekt i 2015:

1.         Entreprenørskapsløype Fase II –skal forankre entreprenørskap i grunnskolane.

2.         Gründersatsing i høgare utdanning – meir bruk av entreprenørskap i høgskolane.

3.         Innovasjonscamp i VGS – gje vgs-elevar betre kjennskap til lokalt næringsliv.

4.         Kortreist mat og bygdeutvikling.

5.         Personleg økonomi på ungdomstrinnet og i VGS

Dei 3 første prosjekta er i samarbeid med fylkeskommunen og gir tydelege signal om at fylket ser behov for den kompetanse og haldingsskapande effekt, entreprenørskap i utdanning gir dei unge.

I nr. 4 er Fylkesmannen Landbruk støttespelar og i nr. 5 er Sparebanken Møre ein solid samarbeidspart.

Lokalt arbeids- og næringsliv er tydelige på at entreprenørskap i utdanning er viktig. Dei er opptatt av rekruttering og innovasjon, og ser at dette må starte tidleg.

Kvalitet

I 2015 vart Trashlock UB frå Spjelkavik VGS noregsmeister i Ungdomsbedrift (UB) og

Lotics SB frå Høgskolen i Ålesund vart Noregs beste Studentbedrift (SB). Det er første gong at eit fylke har kapra begge norgesmeister-titlane.
Dei to bedriftene gjekk vidare til EM i Berlin for UB og Lisboa for SB. Det er høgt nivå i meisterskapa og ungdommane representerte Noreg og Møre og Romsdal på ein flott måte.
Det viser at unge kan få til mykje når dei får muligheiter, og at det er høg kvalitet på undervisninga i entreprenørskap i Møre og Romsdal.

Når barn og unge får lære gjennom å gjere noko sjølv, blir læringa meiningsfull. Det blir også lettare å gjere karriereval.

UE MR har sluttført avtale om Entreprenørskapsløype med 4 kommunar i 2015 og starta førebuing med 4 nye. No er 15 kommunar med i ordninga. 7 av dei er i sin andre avtaleperiode. Samarbeidet med hoppid.no er sentralt i arbeidet.

Entreprenørskapsløype inneber at alle elevar i desse kommunane gjennomfører to til fire av UE sine program i løpet av grunnskolen. Mange skolar nyttar fleire!

Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal har hatt eit stabilt team i 2015. Medarbeidarane  er UE MR sin viktigaste ressurs. Dei skal motivere skolar og lærarar til å ta i bruk programma.

 

Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal takkar alle som har bidratt til gjennomføring av våre program i 2015!

 

Kirsten Aure

Dagleg leiar