Hovedsamarbeidspartnere

Sogn og Fjordane Fylkeskommune

NHO Sogn og Fjordane

NHO–fellesskapet er den største interesseorganisasjonen for bedrifter i Norge. Dette gir slagkraft som kommer deg til gode. NHO sentralt har nær dialog med politiske myndigheter, og jobber for stabile og konkurransedyktige rammebetingelser. Som medlem her, har du tilgang på mengder av kompetanse, ekspertise og fordeler. NHO Sogn og Fjordane er NHO sitt lokale servicekontor i Sogn og Fjordane. Vi har 4 tilsette og har kontor i Florø. Vår hovedoppgåve er å drive lokalt opinionsskapande arbeid, påverke lokale og regionale myndigheiter og gi råd til våre medlemmer i nærområdet.

NHO Sogn og Fjordane

 – Entreprenørskap og innovasjon er svært viktig for Sogn og Fjordane. Vi har allereie eit næringsliv som skrik etter arbeidskraft og kompetanse på ulikt nivå, men har også bruk for nye, kreative og spennande gründerar og foretak. Entreprenørskap i utdanninga har demonstrert styrken sin både på ein praktisk måte og også som eit effektivt verkemiddel for å styrke bedriftsetablering.

Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

Besøk hjemmeside

Sparebanken Sogn og Fjordane

Vi er den største banken i fylket og niande største banken i landet, med ein forvaltningskapital på 36 milliardar kroner og 266 årsverk. Sparebanken Sogn og Fjordane lever i eit skjebnefellesskap med lokalsamfunna i Sogn og Fjordane og ser ei tydeleg kopling mellom fylket og banken sine interesser. Visjonen vår, «ei drivkraft for fylket», bygger opp om denne tankegangen.  Vi bruker betydelige  ressursar på eit aktivt samarbeid med Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane og er involvert i rundt 70 ungdomsbedrifter kvart år. Vi rettleiar omlag 1400 elevar i vidaregåande skule om vegen "Frå utdanning til jobb." Bra for samfunnet, bra for banken. 

Sparebanken Sogn og Fjordane

- Gode og trygge oppvekstmiljø er eit av dette fylket sine viktigaste fortrinn.  Kan vi i tillegg gi god rådgjeving på viktige område som personleg økonomi, utdanning og yrke, så er vi med på å legge til rette for ein god start i livet for ungdommen vår.  Kan vi bruke pengar og ressursar på noko meir meiningsfullt?  Neppe!

Arvid Andenæs, adm. dir. Sparebanken Sogn og Fjordane

Besøk hjemmeside

Sunnfjord Energi

Sunnfjord Energi

- Sunnfjord Energi er eitt av dei største kraftselskapa i Sogn og Fjordane, med hovudkontor i Sunnfjordbyen Førde.
Vi utviklar og driftar samfunnskritiske funksjonar, og vi står framfor store investeringar i åra som kjem.
Vår visjon er å være ei lokal drivkraft, og gjennom lønsame og interessante arbeidsplassar skal vi tiltrekke oss dei beste i bransjen.

Fredrik H. Behrens, administrerande direktør i Sunnfjord Energi

Besøk hjemmeside

Sognekraft

Sognekraft ynskjer å vere ei drivkraft i Sogn, først og fremst gjennom produksjon av 100 % rein og fornybar energi. Sognekraft produserer, distribuerer og sel kraft. I dag eig og driftar vi vasskraftverk med ein årsproduksjon på 446 GWh. I løpet av få år har vi planar om å doble produksjonen gjennom bygging av nye kraftverk og nettanlegg.

Terje Bakke Nævdal

- Vi treng fleire flinke medarbeidarar for å skape utvikling og vekst. Ungt Entreprenørskap er ein viktig samarbeidspartner i vår satsing på ungdom og rekruttering. Gjennom UE ynskjer vi å bidra til at unge lærer om næringslivet. Samstundes ønskjer vi å vise ungdom i fylket at Sognekraft har attraktive arbeidsplassar.

Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft

Besøk hjemmeside

Sogn og Fjordane Energi

«Kraft til å påverke framtida» er Sogn og Fjordane Energi (SFE) sin visjon. Denne fortel mykje om vår verksemd, vår rolle i samfunnet og vår verdiskaping for fellesskapet. SFE er ein stor aktør i den norske kraftindustrien, med omfattande produksjon av fornybar energi, ansvar for over 4000 km linjenett og med ein engasjert leverandør av straum til husstandar og bedrifter over heile landet.  SFE har i dag 250 engasjerte og høgt kvalifiserte medarbeidarar, men både vi og bransjen elles treng mange fleire kloke hovud som ønskjer å arbeide med fornybar energi for framtida.

Sogn og Fjordane Energi

- SFE ønskjer å bidra til å stimulere til auka interesse for energi- og realfaget i skulen. Dette har vore utgangspunktet for eit nyttig og godt samarbeid med Ungt Entreprenørskap i fleire år. Gjennom ei rekkje gründercampar i grunnskulen og den vidaregåande skulen, har vi saman sett energi på agendaen. 

Konsernsjef Terje Gjengedal i SFE.

Besøk hjemmeside

Storebrand

Storebrand konsernet kom inn som ein ny samarbeidspartner for Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane hausten 2017.  Storebrand har engasjert seg i arbeidet med bærekraft i ungdomsbedrift.  Sogn og Fjordane er utpeika som pilotfylke på utvikling av bærekraft i ungdomsbedrift og har i samarbeid med Storebrand, UE Norge, UE Oslo og UE Rogaland bidrege ut utviklinga av innhaldet i bærekraftmodulen.