Om oss

Sogn og Fjordane

Ungt Entreprenørskap (UE) er en ideell, landsomfattande organisasjon som i samspel med utdanningssystemet, næringslivet og andre aktørar jobbar for å utvikle barn og unge sin kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv.

Ungt Entreprenørskap består av eit nasjonalt sekretariat (UE Norge) og 17 fylkesorganisasjonar. Nettverket vert bunde saman av felles formål og vedtekter. Den desentraliserte organiseringa gjer at UE har nærheit til skulen, lokale myndigheiter og lokalt arbeids- og næringsliv.

UE Sogn og Fjordane vart etablert i januar 2000 og forvaltar merkevara lokalt med eige styre og ansvar for eigen finansiering. Dei fyrste åra var det berre aktivitet i den vidaregåande skulen. I dag kan vi tilby inntil 20 ulike program tilpassa heile utdanningsløpet.

Gjennom den europeiske organisasjonen JA-YE Europe samarbeider UE nært med sine søsterorganisasjonar i 38 land i Europa. UE er medlem i den verdsomspennande organisasjonen JA Worldwide.