UE Forum 2019 - vinnarane er klare

Sogn og Fjordane · 14 feb 2019

Vinnarane av UE Forum 2019 er klare.

Beste ungdomsbedrift i Sogn og Fjordane 2019 heiter Lifebag UB og kjem frå  Årdal vidaregåande skule.  Bedrifta har som forretningsidé å selje posar som fangar opp mikroplast frå klede i vaskemaskina til husholdningar. Dei produserer denne posen for å gjere miljøet, dyra i havet og etter kvart oss sjølve ein teneste. 

I juryen si grunngjeving står det :

Produktet tek utgangspunkt i eit stort globalt miljøproblem, som både samfunnet og enkeltpersonar engasjerer seg i å løyse. Bedrifta har kartlagt stor interesse i markedet gjennom markedsundersøking. Bedrifta viser godt samarbeid med partar i lokalmiljøet. Dei tilsette i bedrifta viser gode samarbeidsevnar og stort engasjement og stoltheit for bedrifta. Bedrifta viser stor grad av tverrfaglighet i arbeidet og kreativitet i oppgåveløysinga. Dei tilsette framstår som kunnskapsrike og trygge i presentasjonar og salssamtaler. Juryen har stor tru på produktet og ser fram til å finne det i ein butikk nær oss. Vinnaren av årets ungdomsbedrift er Lifebag UB.

Lifebag UB Gullbilett

Lifebag UB - Årdal vgs. beste ungdomsbedrift Sogn og Fjordane 2019. Foto : Fjordfilm UB, Eid vgs. 

Lifebag UB reiser til NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm 25- og 26. april saman med kodeKit UB frå Eid vidaregåande skule og Afrinvest UB frå Flora vidaregåande skule. 

I grunngjevinga for 2. plass "Beste ungdomsbedrift" som gjekk til kodeKit UB heiter det : 

Innovativt produkt med stor moglegheit for vekst. Bedrifta tek utgangspunkt i eigne erfaringar i utvikling av produktet. Ideen er godt gjennomtenkt, tidsriktig og framtidsretta. Bedrifta tek innover seg eit stort behov for digital kompetanse i framtida. 2.pl for beste ungdomsbedrift er kodekit UB

Kodekit  Gullbilett 2

kodeKit UB - Eid vgs. Foto : Fjordfilm UB, Eid vgs. 

Afrinvest UB frå FLora vgs vann bærekraftprisen på UE Forum 2019.  I juryen si grunngjeving står det : 

Bedriften viser stort mod og engasjement for en bedre verden. De fokuserer på etablering av små bedrifter i utviklingsland, ved å tilby rimelige lån for å skape lokal vekst og utvikling. De stiller hårde krav for å påvirke lokale bedrifter at arbeide for flere av FNs bærekraftsmål. På kort tid har de hatt lokal påvirkning og flyttet samfunnet i en riktig retning, samt fått oppmerksomhet i media. De arbeider aktivt med bærekraftsmålene 1 (utrydde fattigdom), 2 (utrydde sult), 8 (anstendig arbeid og økonomisk vekst), 9 (innovasjon og infrastruktur).Vinneren av Storebrands bærekraftspris er Afrinvest UB

Gullbilllett 3 AFR Invest

Afrinvest UB - Flora vgs.  Foto : Fjordfilm UB, Eid vgs.

Her er ein fullstendig oversikt over alle prisvinnarar på UE Forum 2019 : 

Årets Entreprenørskapslærar 2018 : Sonja Øvre-Flo, Stryn vgs.

KLASSE VINNAR
Beste marknadsføringstiltak – 1 .plass Blås Reint UB – Stryn vgs
Beste marknadsføringstiltak – 2 .plass Afrinvest UB – Flora vgs
Beste HR bedrift – 1. plass NoPlast UB – Stryn vgs
Beste HR bedrift – 2. plass K.I.D UB – Årdal vgs
Bærekraftprisen – 1. plass Afrinvest UB - Flora vgs
Bærekraftprisen – 2. plass Lifebag UB – Årdal vgs
Beste sosiale entreprenør – 1.plass Safety Bracelet – Årdal vgs
Beste sosiale entreprenør – 2.plass Lifebag – Årdal ågs
Beste utstilling – 1. plass Lifebag – Årdal vgs
Beste utstilling – 2. plass Afrinvest – Flora vgs
Beste produkt – 1. plass Kode kit – Eid vgs
Beste produkt – 2. plass Agriskog – Mo og Øyrane vgs
Beste produkt – 3. plass Mitt design – Eid vgs
Beste teneste – 1. plass Drop UB – United World College
Beste teneste – 2. plass Eid Industri UB - eid
Innovasjonsprisen – 1. plass Lifebag UB – Årdal vgs
Beste rekneskap – 1. plass AgriSkog UB – Mo og øyrane vgs
Beste ungdomsbedrift – 1. plass Lifebag UB – Årdal
Beste ungdomsbedrift – 2. plass Kodekit UB– Eid vgs