Rekordstor delegasjon til NM for ungdomsbedrifter

Sogn og Fjordane · 25 april 2018

26. - 27. april brakar det laus på Norges Varemesse på Lillestrøm. NM for UB er vårens vakraste eventyr for alle som er involverte i Ungt Entreprenørskap.  Frå Sogn og Fjordane reiser 30 elevar, 5 lærarar og to UE tilsette. Aldri før har Sogn og Fjordane hatt ein så stor delegasjon til NM. 

Medan lærarane skal på lærarseminar vil ungdommane representere fylket på beste måte ved å delta i konkurransar, presentasjonar, salgspitch og stå på stand.  Det er tre svært solide ungdomsbedrifter som tek turen til Lillestrøm.  Felles for dei alle er at dei har fokus på bærekraft, eit viktig satsingsområde i Ungt Entreprenørskap over heile landet.  

Vinnarane av Ungt Entreprenørskapsforum 2018, EarthCase UB, frå Årdal vgs. er sjølvskrevne deltakarar på NM. Dei har som forretningsidé å lage penalhus av resirkulerte dongeribukser.  For kvart penalhus dei sel vil dei gje eit fullt utstyrt penalhus til ein skuleelev i Afrika som gåve. Ungdomsbedrifta deltek i fleire konkurransar under NM og er den einaste frå fylket som deltek i klassen "Beste ungdomsbedrift" (berre ei bedrift frå kvart fylke har høve til å stille på dette). 

Gullbilett_Foto-Steffen Heggen Starheim

EarthCase UB frå Årdal vgs er beste UB på UE Forum 2018. Resten ventar spent på kven som skal få dei to andre gullbillettane. Foto : Steffen Heggen Starheim

To bedrifter frå Flora vidaregåande skule skal også til NM.  Begge har bærekraft som eit sentralt fokus i forretningsidéane sine.  Green Plastic UB vann Storebrand sin bærekraftpris under UE Forum 18 i Sogn og Fjordane.  Besrifta består av 10 miljøbevisste ungdommar som skal utvikle og designe ulike produkt der dei nyttar lokale og resirkulerte plastressursar. 

Storebrands bærekraftpris 1. plass GreenPlastic UB_Foto-Steffen Heggen Starheim

GreenPlastic UB frå Flora vgs mottek Storebrands bærekraftpris under UE Forum 2018.  Foto : Steffen Heggen Starheim. 

Bedrifta har eit tett samarbeid med NAPO UB (Norges Anti Plastikk Organisasjon) frå same skule. Bedrifta organiserer og legg tilrette for innsamling av plast gjennom ulike aksjonar der dei blant anna involverer grunnskulelevar i Flora kommune. Dei har også plassert ut stasjonar for resirkulering av plast i lolalmiljøet. Plasten som dei samlar inn blir solgt vidare til partnerbedrifta Green Plastic UB som skaper nye produkt av den innsamla plasten. 

Napo UB_Foto-Mariel Hov Molland

Frå NAPO UB - Flora vgs. sin stand under UE Forum 2018. Bedrifta vann 2. plass i konkurransen Storebrands bærekraftspris. Foto : Mariell Hov Molland

Vi ynskjer dei tre bedriftene lykke til på NM for ungdomsbedrifter og kjem tilbake med meir informasjon undervegs.