Høyanger viser veg i entreprenørskapsarbeidet

Sogn og Fjordane · 21 juni 2019

Høyanger viser veg i entreprenørskapsarbeidet

På eige initiativ arrangerte Høyanger vidaregåande skule entreprenørskapsdag for alle sine vg1 elevar. Med på laget var Ungt Entreprenørskap og 8 lokale bedrifter frå Høyanger kommune. Ungdomsskuleelevar frå Høyanger og Høyanger sørside var også med på arrangementet. Arrangementet er eit løft for entreprenørskapsarbeidet i kommunen, og vi ser gjerne at andre kommunar følgjer etter. 

Entreprenørskap i opplæringa har alltid stått sterkt i Høyanger, både i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Gjennom mange år med systematisk arbeid har dei oppnådd imponerande tal når ein ser kor mange elevar som får nyte godt av dette tilbodet. Når det kjem signal frå skulane om at dette vil dei ha endå meir av, er ikkje Ungt Entreprenørskap i fylket tunge å be. Målet til Høyanger vgs er å introdusere ungdomsbedrift som strategi for læring også for elevar på vg1 nivå. 

Som eit ledd i denne strategien arrangerte skulen entreprenørskapsdag for eigne elevar og elevar i grunnskulane. Tanken er å få til eit endå tettare og bedre samarbeid med lokalt næringsliv.  UE Sogn og Fjordane ser dette som ein god måte å få utvikla nye forretningsidèar og konsept for både elev- og ungdomsbedrifter i kommunen. Sjølve dagen starta med ein introduksjon av opplegget og informasjon om Ungt Entreprenørskap ved adm. dir. i UE Norge, Grete Ingeborg Nykkelmo.

20190618_081244

Adm. dir i UE Norge Grete Ingeborg Nykkelmo saman med Geir Helge Østerbø frå den lokale bedrifta Osland Havbruk. Foto: UE Sogn og Fjordane 

Deretter fekk vi ein kort presentasjon av ein lokal gründer - Thor Aage Lillestøl frå bedrifta Photoevent. Bedrifta har spesialisert seg på å ta bilder av bruktbilar som er for salg.  Dei 8 bedriftene som var tilstades presenterte seg, og informerte om sine forretningsidèar med meir: Høyanger kommune, Hydro, Nyrstar, Compilo, Bilfinger, Multivolt, Østerbø Maskin og Osland Havbruk.  Innbakt i presentasjonane hadde dei idèar til inspirasjon for elev- og ungdomsbedriftene. Bedriftene hadde også forslag konkrete oppdrag som dei kunne gje direkte til elev-/ungdomsbedriftene.  Resten av dagen vart brukt til idèmyldring for elevane der dei jobba med aktuelle forretningsidèar for eigne elev- og ungdomsbedrifter. Til slutt enda det heile opp i ein presentasjon der elevane presenterte sine idèar for kvarandre og bedriftene. 

Oppsummert kan vi sei at dagen vart svært vellykka og tilbakemeldingar frå elevar og lærarar som var tilstades er gode. Denne måten å jobbe på kan vere til inspirasjon for fleire skular i Sogn og Fjordane. Høyanger vgs. viser vilje til å gå foran i eit spennande utviklingsprosjekt som kan gje synergiar langt ut over Høyanger kommune. Modellen vil bli prøvd ut ved fleire vidaregåande skular i fylket neste skuleår. UE Sogn og Fjordane rettar ein spesiell takk til Ståle Walsvik ved Høyanger vgs for godt samarbeid i samband med entreprenørskapsdagen. 

Link til artikkel i lokalavisa Ytre Sogn:

http://ytresogn.no/ungdom-var-samla-til-entreprenorskapsdag/

Les kva Høyanger vgs skriv om arrangementet på si nettside:

https://www.hoyanger.vgs.no/entreprenoerskapsdag.6231433-367592.html