Elevbedriftsmessa 2019

Sogn og Fjordane · 29 mars 2019

Årets elevbedriftsmesse for Sunnfjord/Nordfjord gjekk av stabelen i Naustdal torsdag 28.mars. Det var rekordpåmelding med heile 34 bedrifter som deltok på messa. 

Dei deltakande elevane kom frå skulane på Stadlandet, Selje, Gloppen, Svelgen, Eikefjord, Førde og Naustdal. Alle har jobba godt med elevbedriter i år, og det viste igjen på messa ved stor variasjon på bedriftene, og stor aktivitet i lokalsamfunn og på skular.

IMG_6039

Førdes Hemmeligheter vart årets elevbedrift. Dette var eit "enkeltmannsforetak" frå Halbrend skule i Førde der ideen er å samle gamle oppskrifter i bokform. Juryen seier: 

Bedrifta har lagt ned eit grundig forarbeid for eit ferdig rammeverk av eit produkt og har brukt sitt nettverk godt. Den overbevisande presentasjonen og innbydande standen tok oss med storm.

 

IMG_6014

Miljøveke 2019 EB frå Stadlandet skule - vann årets Bærekraftpris og pris for beste stand. 

IMG_5971

Humlesurr EB frå Naustdal skule - vann 1. pris for beste lokalsamfunnsprosjekt. 

IMG_6003

Teens of Selje frå Selje skule - vann 1.pris i klassa Beste teneste eller produkt. 

IMG_6028

Roger Sandvik frå Eikefjord skule vart kåra til årets Entreprenørskapslærar.  

Grunngjeving: Roger har i mange år vore den drivande krafta bak mange og gode elevbedrifter på Eikefjord skule. Gjennom arbeidet med elevbedrift syner han elevane korleis ein kan lære ved å gjere på ein framifrå måte. 

20190328_122249

Dei deltakande på messa fekk og  foredrag frå Kristine Ullaland, dagleg leiar  ZeroWaste Norge, kanskje mest kjend for jenta som har samla alt avfallet sitt dei siste tre åra i eit syltetøyglas. 

«Kristine Ullaland var i 2016 finalist for prisen  Ung Innovasjonspris 2016, og hun har også gjestet et av de største TEDx arrangementet i Norden,  TEDx Arendal i september 2016. Ullaland ble raskt en frontfigur for Zero Waste-bevegelsen, og hun er mye brukt i media med over 40 intervju siden 2015. Bedriften var i 2017 nominert til  Nordic Startup Awards 2017 i kategorien Best Social Impact. I 2018 ble bedriften tildelt Hordaland Fylkeskommune sin Miljøpris, for sitt avfallsforebyggende arbeid.»

Frå Zero Waste Norge si heimeside.   

 

 Her er dei andre premierte bedriftene.   

Klasse Vinnar
Beste stand/utstilling – 1.plass Mijøveka 2019 EB – Stadlandet skule
Beste stand/utstilling – 2.plass Steinalderskule Ausevika – Eikefjord og Steinhovden skule
Beste stand/utstilling - 3.plass Eikenøtta EB – Eikefjord skule
Beste lokalsamfunnsprosjekt - 1.plass Humelsurr – Naustdal skule
Beste lokalsamfunnsprosjekt - 2.plass EBL EB – Eikefjord skule
Beste lokalsamfunnsprosjekt - 3.plass Mat er mat! – Svelgen Oppvekst
Beste produkt eller teneste – 1.plass Teens of Selje EB – Selje skule
Beste produkt eller teneste – 2.plass Dei unge hjelparane – Gloppen ungdomsskule
Beste produkt eller teneste – 3.plass ULM EB – Svelgen Oppvekst
Bærekraftprisen – 1.plass Miljøveka 2019 EB - Stadlandet skule
Bærekraftprisen – 2.plass Mat er mat! – Svelgen Oppvekst
Bærekraftprisen – 3.plass Brukt`n – Naustdal skule
Beste elevbedrift – 1.plass Førdes hemmeligheter – Halbrend skule
Beste elevbedrift – 2.plass Halbrend konfekt EB – Halbrend skule
Beste elevbedrift – 3.plass Teens of Selje EB – Selje skule