EarthCase UB - Årdal vgs. er best i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane · 15 mars 2018

Ungt Entreprenørskapsforum Sogn og Fjordane 2018 vart arrangert den 15. mars i Førdehuset og beste ungdomsbedrift i fylket er EarthCase UB frå Årdal vgs. 

Beste ungdomsbedrift 1. EarthCase UB_Foto-Steffen Heggen Starheim

Beste ungdomsbedrift EarthCase UB - Årdal vgs. Frå venstre Marthe Skjerven, Hanne Heimlid, Wiktoria Borowiec, Marianne Lerum, Maren Jevnaker Asperheim, Hedda Klingenberg og Åsfrid Moen Foto :Steffen Heggen Starheim. 

I juryen si grunngjeving står det : 

Ungdomsbedrifta har laga ein gjennomarbeida forretningsplan som både er oversiktleg og konkret.  Dei har også laga ei grundig marknadsundersøking for produkta, og har ein klar forretningsidé som viser igjen i handling.  Med eit fokus på gjenbruk og sosial ulikskap tek ungdomsbedrifta eit tydeleg samfunnsansvar i arbeidet sitt. Dette ser vi igjen i produkt, handlingsplan og tydelege val som har blitt gjort undervegs. Vidare er vi også begeistra for at dei allereie no har planane klare for fleire produkt med utgangspunkt i same idè. God samarbeid er også eit stikkord for denne bedrifta: Dei har greidd å nytte seg av lokale samarbeidspartnerar, og har i tillegg etablert eit internasjonalt samarbeid som strekker seg heile vegen frå Sogn og Fjordane til Sør Afrika.

EarthCase UB reiser til NM for ungdomsbedrifter 26.-27. april saman med ungdomsbedriftene GreenPlastic UB frå Flora vgs og NAPO UB også frå Flora vgs.  Alle bedriftene som reiser til NM har ein tydeleg profil innan bærekraft. 

Dei øvrige prisvinnarane på UE Forum 2018 er : 

Beste Ungdomsbedrift - 2. plass : NAPO UB - Flora vgs

Beste Marknadsføringtiltak - 1. plass : GreenPlastic UB - Flora vgs

Beste Marknadsføringstiltak - 2. plass : CartSmart UB- Årdal vgs

Beste HR bedrift - 1. plass : GreenPlastic UB - Årdal vgs

Beste HR bedrift - 2. plass : EarthCase UB - Årdal vgs 

Bærekraftprisen - 1. plass : GreenPlastic UB - Flora vgs

Bærekraftprisen - 2.plass : NAPO UB - Flora vgs

Beste sosiale entreprenør : EarthCase UB - Årdal vgs

Beste utstilling - 1. plass : Techtus UB - Sogndal vgs

Beste utstilling - 2. plass : NAPO UB - Flora vgs

Beste produkt - 1. plass : LocalTastesNordfjord UB - Stryn vgs

Beste produkt - 2. plass : Grønt Miljø UB - Årdal vgs

Beste teneste - 1. plass : Gledesspelarane UB - Firda vgs

Beste teneste - 2. plass : Sleipner UB - Mo og Øyrane vgs

Beste rekneskap - 1. plass : AgroProdukt UB - Mo og Øyrane vgs

Beste rekneskap - 2. plass : Design UB - Eid vgs

Innovasjonsprisen : CartSmart UB - Årdal vgs

PRISUTDELING ELEVBEDIFTER : 

Beste elevbedrift - 1.plass : Halbrend Røykeri EB - Halbrend skule

Beste elevbedrift 1. plass Halbrend Røykeri EB_Foto-Steffen Heggen Starheim

Beste Elevbedrift : Halbrend Røykeri EB. Frå venstre: Torjus Eide Bjørvika, Teeraphat Banna, Eskil Berge Strømme, Oliver Kvebek, Leander Moldestad. Foto : Steffen Heggen Starheim.

I juryen si grunngjeving for beste elevbedrift står det: 

Vinnaren står fram med ein godt gjennomtenkt idé.  Dei har ei svært tiltalande nettside. Dei leverer gode produkt.  Elevane presenterte bedrifta på ein framifrå måte og dei hadde ein god stand. 

Beste elevbedrift - 2. plass : Flint'n steel EB - Svelgen oppvekst

Beste produkt / teneste - 1. plass : Godt Hjort EB - Svelgen oppvekst

Beste produkt / teneste - 2.plass : Bon Apetitt EB - Kjølsdalen montesorriskule

Beste lokalsamfunnsprosjekt - 1. plass : Rosa Omsorg EB - Gloppen ungdomsskule

Beste lokalsamfunnsprosjekt - 2. plass : Naustdal.no EB - Naustdal barne- og ungdomsskule

Beste stand / utstilling / marknadsføringstiltak - 1. plass : Næring er læring EB - Svelgen oppvekst

Beste stand / utstilling / marknadsføringstiltak - 2. plass : Tiempo de Tacos EB - Halbrend skule

Bærekraftprisen : Plast til belast EB -Svelgen oppvekst