Dei er vinnarar av "Energi for framtida" i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane · 9 des 2016

I overkant av 260 elevar frå i alt 9 vidaregåande skular i Sogn og Fjordane har delteke på den lokale innovasjonscampen "Energi for framtida".  Konseptet går ut på at elevane får tildelt utfordringar innan fornybar energi som dei skal finne løysingar på i løpet av ein skuledag. Elevane er delte inn i grupper på 4-5 og vinnarlaga frå kvar skule / arrangementsstad går vidare til ein fylkesfinale. To lag frå fylkesfinalen går vidare til den nasjonale innovasjonscampen i Trondheim 13. - 15. februar 2017. 

I år var konkurransen i fylkesfinalen svært jamn. To lag utmerka seg med heilt lik poengsum og delt 1.plass. Dei to laga kjem frå Eid vgs. og Årdal vgs. Begge laga får reise til Trondheim og representere Sogn og Fjordane på det nasjonale arrangementet. 

 

Laget frå Eid vgs. F.v. : Jørgen Myklebust, Arne Olai Midtbø, Lars Tore Sjåstad og Håvard Berge. Foto: Anita M. Ingebrigtsen/Fjordabladet.

Gruppa frå Eid løyste oppdraget som gjekk på innovativ maritim transport og hadde ein idé om å gjere martim tranport meir eller mindre sjølvforsynt på fornybar energi.  Det gjer dei ved å utnytte den potensielle energien i vatn ved å drive ei brenselcelle. Ved hjelp av ein heilt nyvinnande elektrolyse prosess vil dei gjere saltvatn om til energi ombord i båtar. 

Årdal

Laget frå Årdal vgs. F.v. : Jon Atle Tiedemann Johnsen, Kylian Mekke, Adrian Kjos Merkesdal, Alexander Prestegard.  Foto : Ungt Entreprenørskap.

Elevane frå Årdal vgs sin idé hadde det klingande namnet "Postvogna". Det heile gjekk ut på at dei skulle lage eit rørsystem under vatn som skulle frakte gods og personar langs kysten.  Ved hjelp av eit magnetsystem så skal ein sørge for både framdrift og nedbremsing. 

Vi gratulerar dei to vinnarlaga og ynskjer dei lykke til i Trondheim i februar. 

Kontaktperson Eid vgs : Gunn Guddal. Tlf. 415 30 814 /  Gunn.Guddal@sfj.no 

Kontaktperson Årdal vgs : Marit Røyrvik Eldegard. Tlf. 952 81 072 /  Marit.Royrvik.Eldegard@sfj.no