Årets entreprenørskapslærar 2019

Sogn og Fjordane · 16 sep 2019

Her er han! Årets entreprenørskapslærar i Sogn og Fjordane. Gert Runar Rørvik ved Mo og Øyrane vgs. Førde. Gert Runar har vore UB lærar samanhengande i 19 år. 

Gert Runar har dreve ungdomsbedrifter med sine elevar sidan år 2000.  Det blir nesten 20 år samanhengande som ansvarleg UB lærar på naturbruk ved Mo og Øyrane vgs. Ingen veit med sikkerheit kor mange ungdomsbedrifter han har hatt ansvar for, ikkje Gert Runar sjølv ein gang. Ein ting er sikkert, det dreiar seg om eit svært høgt tal.  Elevane som Gert Runar har hatt ansvaret for utviser høg kvalitet i sitt arbeid med ungdomsbedrift. Det flotte arrangementet "Jul i Stallgata" har etterkvart blitt ein institusjon i Førde med mange tusen besøkande. Eit flott tilbod til både store og små i adventstida. Arrangementet har blitt ein tradisjon. Gert er aldri vanskeleg å be når det kjem til arbeid med entreprenørskap.  Enten det er å dele av sine erfaringar på lærarkurs, eller å arrangere innovasjonscampar på eigen skule.  Sjelden har ein pris vore så fortjent som denne gangen. Vi ser fram til mange gode år i samarbeid med Gert Runar og Mo og Øyrane vidaregåande skule. Gratulerer med prisen! 

Høyr Gert Runar fortelje om sitt arbeid med ungdomsbedrifter her:

https://vimeo.com/360354884