Teknomesse 2013 - Førde

Sogn og Fjordane · 27.september - 28.september 2013

Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane stiller med stand på Teknomessa 2013 den 27.-28. september på Hafstad vidaregåande skule. Messa har som tema utdanning og bruk av teknologi i utdanning. Messa er open gratis for publikum. 

Les meir om messa her.

Her blir det mange spennande foredragsholdarar innanfor temaet "IKT i opplæringa". Microsoft, Samsung, It's learning, Asus, Cappelen Damm, Aschehoug vil vere der berre for å nemne nokre. Av foredragsholdarar kjem blant anna Erik Newt, June Breivik, Ivar Berg og Olav Øygard.

Senter for IKT i utdanninga er der, det same er Interactive Norway som vil presentere eit heilt nytt smartboard (Norgeslansering).

Er du oppteken av muligheiter innanfor framtidas opplæring bør du setje av helga og avlegge messa eit besøk. 

Messa er gratis for publikum. Ingen påmelding.

Messa opnar fredag 27. september kl 1200 og held på til kl 2000. På laurdag opnar vi kl 1100 og avsluttar ca kl 1600.

Nokon av programpostane lyt gå samtidig på fredagen, og nokon av dei vil vi setje opp både på fredagen og laurdagen.

Endeleg programoppsett vert publisert så snart dette er klart. Nokon programpostar er allereie tidfesta.

Dette gjeld fredag 27. september

Ca 1500 – 1540: Stine Gaaseide Røsås Liseth

Ca 1630 – 1730: June Breivik

Ca 1800 – 1900: Erik Newt