Grunnskulemesse Naustdal

Sogn og Fjordane · 18.april 2013

Dato for årets grunnskulemesse i Naustdal er torsdag 18 april. Det blir utstillingar av elevbedrifter og andre spanande entreprenørskapsprosjekt. Meir informasjon om program og påmelding finn du her på sida om ei lita stund.

Elevbedrifta "Kort og Godt" frå Hyllestad var ei av dei som var med i fjor. Blir du med i år ?

DSC_0174 400

SJÅ ARKFANER UNDER FOR PROGRAM-PÅMELDING-KONKURRANSEKRITERIUM-MENY

09.00 – 10.00      Registrering og klargjering av stand på messeområdet.
                         * Stand vil bli tildelt ved registrering av bedrifta.

10.00- 10.30           Opning av Entreprenørskap Sunnfjord 2013

10.30                      Utstillingane opnar.

11.00                       Inspirasjonsforedag

                                Ungdomsbedrifta Prosjekt Malawi

                                Ungdomsbedrifta (ikkje klar enno)

                                Stian Grimseth – verdenskjend vektløftar   

12.00                        Inspirasjonsforedag

                                Ungdomsbedrifta Prosjekt Malawi

                                Ungdomsbedrifta (ikkje klar enno)

                                Stian Grimseth – 10 gonger kongepokalvinnar og 2 gangar

                                Europameister i vektløfting. 

13.00                       Utstillingane stengjer. Alle er ansvarleg for å rydde sine standar.

13.00 – 13.15           Kåring av vinnarar i dei ulike klassane. 

                                Vel heim!                                                  

* Vi tek atterhald om evt. endringar i programmet

Ved årets messe vert det premiert i desse klassane:

Grunnskule:

¤ Beste elevbedrift

¤ Beste designprosjekt

¤ Beste lokalsamfunnsprosjekt

¤ Beste idè

¤ Alle som stiller på stand er automatisk med i klassa: Beste stand og presentasjon

For å melde elevbedrifta eller ideen din på messa, fylgjer du linken under her. Då melder du deg samstundes på ein eller fleire av klassane du kan konkurrere i.

NB!  Frist for å melde seg på er torsdag 4 april.     

Påmelding elevbedrifter:

http://uesf.no/index.php?option=com_bfsurvey_pro&view=onepage&catid=19&Itemid=34

Dokumentasjon av punkta nedanfor vert ein del av den totale vurderinga i klassa Beste Elevbedrift/design/lokalsamfunnsprosjekt/ide/stand.  I tillegg vert ein vurdert på heilskapsinntrykket av elevbedrifta.

¤ Beste elevbedrift

-       beskriv korleis bedrifta har marknadsført seg

-       ei beskriving av produktet/tenesta til elevbedrifta

-       ei beskrivinga av korleis ein kom fram til produktet/tenesta

-       økonomisk oppstilling-budsjett-rekneskap

¤ Beste designprosjekt

-       det totale inntrykket av designa

-       samansetjing av form og farge

-       at det er nyskapande og kreativt

¤ Beste lokalsamfunnsprosjekt

-       at prosjektet tek utgangspunkt i lokalsamfunnet

-       at prosjektet er nytenkjande

-       at prosjektet kjem innbyggjarane til nytte

¤ Beste ide.

-       at ideen er innovativ og nyskapande

-       at ideen er mogleg å gjennomføre

-       beskriving av korleis ein har kome fram til ideen

¤ Beste stand

-       juryen vil legge vekt på estetisk uttrykk og utforming av stand

-       har gruppa ein eigenprodusert stand og har den eit personleg uttrykk

-       formidling og munnleg presentasjon

Meny:

Pølse med Brød m/tilbehør            20 kr

Rundstykker m/ost og skinke        15 kr

Baguett m/salat, skinke og ost     25 kr

Cupcakes                                 15 kr

Brownies m/krem                       10 kr

Saft                                         5 kr

Iste fersken/lime                       25 kr