Gründercamp Framtid - Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane · 12.september - 13.september 2013

I tilknyting til hovudmarkeringa for Sogn og Fjordane fylke sitt 250-årsjubiluem vert det arrangert ein framtidskonferanse på Kviknes hotell i Balestrand 20. september. Målet med framtidskonferansen vil vere å løfte og skape debatt rundt problemstillingar som er relevante for framtidas Sogn og Fjordane.

Korleis ser ungdomen i Sogn og Fjordane på ei framtid her i fylket, og kva er gode strategiar for gode lokalsamfunn og vekstkraftig næringsliv? Framtidskonferansen rettar i tillegg merksemd mot vellukka integrering av minoritetar, og kva som skal til for å sikre auka medverknad i samfunns- og arbeidsliv. Desse problemstillingane vil utgjere bakteppet for ein paneldebatt om framtidsutsiktene for framtidas Sogn og Fjordane, jf. vedlagde program.

I forkant av Framtidskonferansen inviterer vi ungdom og elevbedrifter til gründercamp på Skei 12. – 13. september. Her inntil 40 deltakarar frå fylket få arbeide med sine visjonar og scenario for framtidas Sogn og Fjordane; det vere seg både forretningskonsept og samfunnsmodellar m.m.
To av ungdomsbidraga frå gründercampen vil få høve til å presentere seg frå podiet på framtidskonferansen i Balestrand, og øvrige bidrag vil få presentere og stille ut sine visjonar og framtidsmodellar i hotellobbyen. Ungt entreprenørskap vil leie arbeid på gründercampen. Vi legg også opp til deltaking frå eit utval gründerar, som vil dele av sine erfaringar med å skape og drive bedrift her i fylket, i tillegg til å gi råd og rettleiing kring ungdomane sine framtidskonsept.

Invitasjon, program og påmelding for sjølve gründercampen finn du i arkfana under denne artikkelen.

Last ned program og meld deg på her : 

Velkomen til gründercamp: Kva er DIN visjon for framtidas Sogn og Fjordane?
I tilknyting til hovudmarkeringa for Sogn og Fjordane fylke sitt 250-årsjubiluem vert det 20. september arrangert ein framtidskonferanse for å løfte og skape debatt rundt problemstillingar som er relevante for framtidas Sogn og Fjordane.

I forkant av denne framtidskonferansen inviterer vi ungdom frå heile fylket til gründercamp på Skei 12. – 13. september. Her vil inntil 30 deltakarar få arbeide med sine visjonar og scenario for framtidas Sogn og Fjordane; det vere seg både forretningskonsept og samfunnsmodellar m.m.

Dersom du ønskjer å delta på gründercampen og/ eller framtidskonferansen kan du registrere deg her: https://eskjema.fylkesmannen.no/more/wizard/wizard.jsp?wizardid=613

OBS: Det er avgrensa antal plassar på både gründercampen og framtidskonferansen. Ved stor pågang vil arrangøren plukke ut eit representativt utval deltakarar for å sikre breidde i geografi, alder og bakgrunn. Deltakarane som vert plukka ut vil få dekka reise, deltaking, mat og opphald

PROGRAM FOR GRÜNDERCAMP «FRAMTID I SOGN OG FJORDANE» 12. – 13.09.13 TORSDAG 12. SEPTEMBER

10.00 - Velkommen til gründercamp SFJ250 v/ fylkesmann Anne Karin Hamre 10.10 - Inspirasjonsforedrag: Skape og drive eiga bedrift Sogn og Fjordane SGN Skis v/ Tore Frimanslund og Sogndal Lodge v/ Sigrid Henjum

10.50 - Kreativitet og skaparglede Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane v/ Eivind Husabø

11.30 - Avsløring av oppdraget for «Gründercamp Framtid» SFJ250 v/ fylkesmann Anne Karin Hamre

12.00 - Lunsj 12.45 - Inndeling i grupper Løysing av oppdrag Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane v/ Eivind Husabø

17.00 - Ferdig for dagen

18.00 - Middag

FREDAG 13. SEPTEMBER

08.00 - Frukost

09.00 - Gruppene løyser oppdraget og førebur presentasjonar

11.00 – Gruppene presenterer for juryen

12.15 - - To vinnarar av «Gründercamp Framtid vert annonserte - Vinnarlaga skal presentere løysingane sine på Framtidskonferansen i Balestrand 20. september - Dei andre gruppene får stille ut og presentere arbeidet sitt i hotellobbyen 12.30 Lunsj og vel heim

Spørsmål angåande programmet kan rettast til: UE Sogn og Fjordane v / Eivind Husabø Tlf. 415 30 660 eivind.husabo@ue.no