Fylkesmesse for ungdomsbedrifter 2013

Sogn og Fjordane · 21.mars 2013

Fylkesmessa for ungdomsbedrifer 2013 finn stad i Operahuset på Nordfjordeid 21. mars 2013.

operahuset

Frist for innlevering av konkurransemateriell i alle konkurransar : Fredag 1. mars 2013

Frist for innnlevering av Powerpoint for presentasjon frå scene i klassen "Beste UB" : Fredag 8. mars 2013

Sjå arkfanene under for program og konkurransereglar.

Fristen for å melde seg på dette arrangementet har gått ut. 

PROGRAM FOR DAGEN

09.00 – 11.30: Registrering og klargjering av stand på messeområdet.

Stand vil bli tildelt ved frammøte i info desk på sjølve messa.

11.30 - 12.30: Opning av Sogn og Fjordane sitt 250 års jubileum

Opning av Fylkesmessa 2013  

Premieutdeling :

  • Beste marknadsføringstiltak
  • Beste HR bedrift

 12.30             : Lunch

 12.30 – 16.00: Ungdomsbedrifter i klassen «Beste ungdomsbedrift» presenterer seg frå scene i Kinosalen

 12.30 – 16.30: Vurdering av bedriftene/prosjekta frå dommarar. Andre besøkande får også moglegheit til å besøke utstillinga til bedriftene. 

 16.00 – 16.30: Rydding av stand - messeområde

 16.30 – 17.00: Ungdomskonsert frå scena i Operasalen : Rockebandet «Punch»

 17.00 – 17.30: Premieutdeling

  • Beste framtidsidé» – eigen konkurranse i regi av Fylkesjubileumet
  • Beste produkt
  • Beste teneste
  • Beste rekneskap
  • Beste utstilling
  • Beste internasjonale prosjekt
  • Beste produktdesign
  • Beste sosiale entreprenørskapsprosjekt
  • Beste ungdomsbedrift

17.30: Avreise

* Vi tek atterhald om evt. endringar i programmet.

Fylkesmessa 2013

Fylkesmessa 21.mars – Operahuset, Nordfjordeid

Generell kommentar: Alt materiell / dokumentasjon skal sendast inn digitalt til Ungt Entreprenørskap (med unntak av rekneskapsbilag).

Send materiellet til : eivind.husabo@ue.no

Det vert lagt vekt på at alt marknadsføringsmateriell samt utstilling skal vere eigenprodusert. Gode råd og samarbeid med konsulentar / næringsliv er sjølvsagt tillete.

Spørsmål kan rettast til Eivind Husabø på telefon: 415 30 660, eller på e-post eivind.husabo@ue.no  Får du ikkje svar på telefon ber vi deg legge att beskjed med navn og nummer.

FRIST FOR PÅMELDING TIL FYLKESMESSA : FREDAG 8. FEBRUAR 2013.

FRIST FOR INNSENDING AV MATERIELL TIL UE SOGN OG FJORDANE  : FREDAG 1. MARS 2013

VIKTIG : MANGLANDE DOKUMENTASJON / KONKURRANSEMATERIELL VIL FØRE TIL DISKVALIFISERING I DEN AKTUELLE KLASSEN.

Konkurransekriterier :

Det vil verte delt ut inntil tre premiar i kvar klasse.  Alle ungdomsbedriftene på messa deltek automatisk i klassen: ”Beste utstilling.”

KLASSAR PÅ FYLKESMESSA 2013 :

 

  1. Beste marknadsføringstiltak

 

Det er viktig at ungdomsbedrifta får fram den totale marknadsføringsaktiviteten i bedrifta.  Døme på marknadsføringsaktivitetar kan være: brosjyre/flygeblad, Facebook/sosiale medier, nettstad for bedrifta, reklamefilm, redaksjonell omtale i media, personleg sal/oppsøkande verksemd, kampanje, profilering på messer, reklame etc. Det er ikkje meininga at ungdomsbedrifta skal ha nytta alle disse verkemidlane, men at de har ei bevisst haldning til kva de har valt og kvifor.

Juryen vil legge vekt på ei heilskapsvurdering av bedrifta sin samla marknadsføringsprofil og vil spesielt vurdere:

Verkemidlar som bedrifta har nytta og bedrifta sin grunngjeving for val av verkemidlar

Korleis bedrifta har nådd ut til kundane/målgruppa

Korleis bedrifta har gjennomført marknadsføringa av bedrifta

Bedrifta skal sende inn ein beskrivelse (maks 5 A4 sider) i PDF-format som skal innehalde informasjon om:

Punkta (kriteriane) over.

Arbeidsprosessen - f.eks. kven i ungdomsbedrifta gjorde kva ?

I kva grad de har nytta ei ekstern bedrift/konsulent i arbeidsprosessen. Dersom

De har gjort det, må de forklare korleis ansvarsfordelinga mellom ungdomsbedrifta og den eksterne bedriften/konsulenten har vore.

Dokumentasjon (bilder, oppslag, lenkjer) på markesføringsaktivitetane som er gjennomførte. Ein eventuell reklamefilm må leggast tilgjengeleg på nett

    (YouTube, Vimeo eller liknande) og link må ligge i beskrivelsen.

Kontaktperson i ungdomsbedrifta med telefon og epost adresse slik at juryen har høve til å få svar på eventuelle spørsmål.

Til Fylkesmessa: dokumentasjon på marknadsføringstiltak skal sendast inn digitalt til eivind.husabo@ue.no

Frist for innsending av alt materiell : Fredag 1. mars 2013

 

  1. Beste utstilling

Juryen vil legge vekt på fylgjande kriterier :

 Estetisk uttrykk

  • Utforming, informasjonskjelde og kobling til bedrifta si verksemd

 Personleg uttrykk

  • Sals- og presentasjonsteknikk, produktkunnskap og samspel i bedrifta

 Utstillinga skal vere eigenprodusert.

Til fylkesmessa : Alle deltakande ungdomsbedrifter på messa er med i konkurransen.

 

  1. Beste produkt (med verdiskapingspotensiale)

Juryen vil legge vekt på fylgjande kriterier :

 

 Kvalitet på produkt

 Produktdesign

 Verdiskapingspotensiale

 Personleg uttrykk 

  • Sals- og presentasjonsteknikk, produktkunnskap og samspel i bedrifta

 Til fylkesmessa : Send ein kort produktbeskrivelse (maks 1 A4 side) til eivind.husabo@ue.no innan Fredag 1. mars 2013

  1. Beste teneste

 Juryen vil legge vekt på fylgjande kriterier:

 Kvalitet på tenesta

  • Planverk / dokumentasjon / innhald i tenesta

 Gjennomføringsgrad av tenesteyting / salg av tenesta

  • I kva grad har bedrifta solgt / gjennomført tenesta ?

 Eventuelle attendemeldingar frå brukarar 

  • Brukarundersøking
  • Evaluering av tenesta

 Personleg uttrykk 

  • Sals- og presentasjonsteknikk, kunnskap om tenesten og samspell i bedrifta

 Til fylkesmessa : Send ein kort beskrivelse av tenesta (maks 1 A4 side) til eivind.husabo@ue.no   Fredag 1. mars 2013

  1. Beste innovative produkt / idé

 

I denne konkurransen vil det innovative verte belønna. Det kan vere produktet i seg sjølv eller korleis produktet framstår, eller ein idé som kan vidareutviklast. Ver nøye med å sjekke at produktet ikkje fins på marknaden frå før, eller at produktet allereie er beskytta eller patentert. 

 

Juryen vil legge vekt på fylgjande kriterier :

 Innovasjonsgrad

 Funksjonalitet og bruksområde

 Kor brukarvenleg produktet er

 Nyskapande design/konsept

 Samarbeid med nettverk i prosessen frå idé til design?

 

Til Fylkesmessa: Dei påmelde i konkurransen sender produktbeskrivelse til eivind.husabo@ue.no (maks 1 A4 side) innan Fredag 1. mars 2013 Beskriv gjerne produktet med skisse eller bilde.

  1. Beste ungdomsbedrift

Ungt Entreprenørskap i fylka kan nominere inntil 2 ungdomsbedrifter til NM for ungdomsbedrifter på Thon Hotel Arena, Lillestrøm 3. – 4. mai 2012. Ungdomsbedrifta deltek med maks fem personar. Konkurransedeltakarane får maks vere 20 år på konkurransedagen.
Konkurransen er delt i fire:
A. Delårsrapport
B. Utstilling
C. Intervju på stand

D. Presentasjon frå scene
A) Delårsrapporten

 Skal vere i A4-format, maksimalt 12 sider (inkl vedlegg, forside og bakside), og

   skal skrivast som eit heilskapleg dokument.

Framsida (omslaget) av delårsrapporten skal innehalde:

 Navn på ungdomsbedrifta.

 Navnet på skulen ungdomsbedrifta er tilknytt.

 Årstal som ungdomsbedrifta er i drift.

 Namn på mentor og mentor sin arbeidsplass.

 Namn på ansvarleg lærar

Fyrste side er ei oppsummering og skal innehalde fylgjande moment :

 Namn på bedrifta

 Forretningsidé, føremål/visjon

 Produkt

 Økonomiske nøkkeltall

 Oppsummering av bedrifta sine aktivitetar

I nnhaldsforteikning

Delårsrapporten skal også innehalde informasjon om

 Alle ansvarsområder som fins i ungdomsbedrifta

 Økonomi

 Samarbeid med mentor, næringsliv og nettverk

 Læringseffekt

 Potensial på lang sikt

B) Utstilling
Juryen vil leggje vekt på fylgjande kriterier :
 Estetisk uttrykk

Utforming, informasjonskjelde og kobling til bedrifta si verksemd

 Personleg uttrykk

Sals- og presentasjonsteknikk, produktkunnskap, samspel i bedrifta

Utstillinga skal vere eigenprodusert

C) Intervju på stand
Deltakarane i klassen «Beste ungdomsbedrift» vil verte intervjua medan dei står på stand. Dommarane i klassen vil komme rundt og gjennomføre intervjuet.

Under intervjuet blir det lagt vekt på at representantane for ungdomsbedrifta får fram :

 Innhaldet i bedrifta / forretningsidé

 Drift av ungdomsbedrifta (prosessen frå registreringsmøte og fram til dags

   dato)

  Samspel og samarbeid i bedrifta (Inkluderande Arbeidsliv / Human Relations /   

    Helse Miljø Sikkerheit)

 Framtidsperspektiv for bedrifta

 

D) Presentasjon på scene

Presentasjonen er på inntil 4 minuttar og skal dekke alle aspekt ved ungdomsbedrifa. Ungdomsbedrifta skal presentere verksemda si og det skal ikkje vere meir enn fem deltakarar på scena. Presentasjonen skjer i ein sal med publikum. Det er høve til å nytte projektor. Ungdomsbedriftene som skal presentere må levere powerpoint - presentasjoner og liknande seinast Fredag 1. mars 2013

Send inn presentasjonen til : eivind.husabo@ue.no

Presentasjonen blir bedømt etter:

 Strukur

 Innhald og relevans

 Utføring; presentasjonsteknikk, originalitet og bruk av visuelle hjelpemiddel.

Til Fylkesmessa: For å kunne bli vurdert i konkurransen Beste Ungdomsbedrift må ungdomsbedridfta sende inn delårsrapport i pdf-format til eivind.husabo@ue.no Frist : Fredag 1. mars 2013

 

  1. Energidesignprisen

 

Ungdomsbedrifter som satsar på energitema og energidesign kan delta i konkurransen EnergiDesingprisen. Ungdomsbedriftene vil bli vurdert ut frå tre kriterier:

 Produktet skal ha føremål om å:

    • Redusere energiforbruket, eller
    • Ta i bruk / fremje / utvikle / vidareutvikle fornybar energi, eller
    • Fremje holdningsskapande arbeid

 Bedrifta har ein energi- og klimaprofil.

 Bedrifta har laga ein kort rapport om energibruk og energipåverknad for

   ungdomsbedrifta og for produktet.

 

Til Fylkesmessa: Send inn ein beskrivelse av ungdomsbedrifta / produktet / tenesta sin energiprofil eivind.husabo@ue.no  Frist : Fredag 1. mars 2013

  1. Beste Sosiale entreprenørskapsprosjekt

Prisen ”Beste sosiale entreprenør” på Fylkesmessa 2012

Prisen vert tildelt ei ungdomsbedrift som ynskjer å løyse eit sosialt problem gjennom si ungdomsbedrift. Juryen vil spesielt vurdere:

 Har bedrifta eit klart definert sosialt problem som de ynskjer å løyse?

 Har bedrifta ei nyskapande (innovativ) løysing?

 Har bedrifta fokus på «dobbel bunnlinje», dvs. kan den vise til sosial endring og 

   framtidig økonomisk bærekraft?

 Skaper bedrifta begeistring for sitt arbeid?

Døme : Tøff? UB fra Thora Storm vgs, Trondheim, skuleåret 2010/11

 Sosial utfordring: mobbing i skulen

 Nyskapande løysing: held foredrag om mobbing på ungdomsskular. Foredraget  

   vekker oppsikt og spelar på kjensler. Viktige tema som nettmobbing,

   utestenging, planlagt mobbing, respekt og uvisshet blir tatt opp.

 Foredragsholdarane har sjølv hatt ulike posisjoner i mobbemiljøet.

 Hovudfokus på å redusere mobbing i skulen. Tener pengar på å holde foredrag.

 Skaper begeistring hos skuleeigar og på skular i Trondheim kommune

Til Fylkesmessa: Dei påmelde i konkurransen sender inn ein skriftleg beskrivelse av prosjektet (maks. ei A4 side) til eivind.husabo@ue.no Frist : Fredag 1. mars 2013

9. Beste internasjonale prosjekt

Beste internasjonale prosjekt er en klasse som kun finst på Fylkesmessa til Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane. Poenget med klassen er å premiere det prosjektet som best måte viser korleis skule og elevar samarbeidar med aktørar på den internasjonale arena. Dette kan vere einskildskular eller skular som går saman om å samarbeide med skular / næringsliv / organisasjonar i utlandet. Det kan vere ei ungdomsbedrift som samarbeider med næringsliv / ungdomsbedrifter / organisasjonar i andre land.  Ungdomsbedrifter med ein internasjonal forretningsidé kan konkurrere i denne klassen. For eksempel ungdomsbedrifter som driv med import / eksport.  Denne klassen er open for alle. Einskildkular eller prosjekt på tvers av skular kan melde seg på. Ein treng ikkje vere med i ungdomsbedrift for å melde seg på denne klassen. Kravet er at ein har meldt inn prosjektet til Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane på førehand.

Dersom ungdomsbedrifta er med i programmet EwB (Enterprise Without Borders) kan dei bli nominerte til pris på NM etter vurdering frå dommarane / Ungt Entreprenørskap.

Til Fylkesmessa: Dei påmelde i konkurransen sender inn ein skriftleg beskrivelse av prosjektet (maks. ei A4 side) til eivind.husabo@ue.no Frist : Fredag 1. mars 2013

10. Beste rekneskap

I samarbeid med Skattedirektoratet og Samarbeidsforum mot svart økonomi ynskjer  vi å kåre den ungomsbedrifta som har det beste rekneskapet 

Juryen vil legge vekt på ein heilskapsvurdering, og vil spesielt vurdere ut frå fylgjande  kriterium :

 God bilagshåndtering : er det ordentlege og fullstendige bilag for alle inntekter og utgifter? Oversikt : er det ein god henvisning mellom bilag og rekneskap og er bilaga samla på en ordentlig måte?  Bokføring : Er det eit godt system for registrering av kontantsal og god orden med inn/uttak av kasse? Sluttrekneskap : er det laga ei ordentlig resultatoppstilling og balanse.

Til Fylkesmessa: Dei påmelde i konkurransen sender inn fullstendig rekneskapsoversikt, resultatrekneskap og revisjonsmelding til eivind.husabo@ue.no I tillegg må bedrifta ha med seg bilagsperm med samtlege rekneskapsbilag på Fylkesmessa 2012. Desse må overleverast ved ankomst i info skranken til Ungt Entreprenørskap.

Frist for innsending av elektronisk materiell  :Fredag 1. mars 2013

11. Produktdesignprisen

 I denne konkurransen vert produktdesign og eller emballasje vurdert.

Ungdomsbedrifta må levere ei designbeskriving der ein forklarar litt om produktet, funksjonen og bruksområde til produktet. Sei også noko om tankane bak idéen og idéprosessen. Innlevert tekst bør vere på ca ½ A4 side (maks 1 A4 side).

Til Fylkesmessa: Send inn designbeskriving (maks 1 A4 side) til eivind.husabo@ue.no Frist : Fredag 1. mars 2013

12. Beste HR-bedrift

Produktive og lønsame arbeidsplassar vert kjenneteikna av motivasjon og arbeidsglede blant medarbeidarane. Ei viktig målsetjing med denne HR-prisen er å inspirere elevane til å sjå samanhengen mellom motiverte medarbeidarar, innsats og resultat.

Juryen vil legge vekt på fylgjande kriterium :

 Bedriften sin vurdering av talent og eigenskapar ved fordeling av ansvar og

   oppgåver

 Korleis har teamet fungert saman og eventuelt kva tiltak vart iverksett for å

   betre samarbeidet ?

 Erfaringar frå samarbeidet – kva har fungert bra og kva har fungert mindre

   bra?

 Bedriften sin eigen vurdering av korleis motivasjon og innsats har påverka

   resultatet

 IA strategi; mål og tiltak, samarbeid med NAV

Til Fylkesmessa: Send inn eigen rapport på IA arbeidet (pass på å samsvare med punkta ovanfor i vurderingskriteria) i ungdomsbedrifta (maks 2 A4 sider) til eivind.husabo@ue.no Frist : Fredag 1. mars 2013

 

Stand – Utstilling av bedriftene

Kvar bedrift som deltek på messa vil bli tildelt ein stand på omlag 2 kvadratmeter. For å markere standen til kvar bedrift vert det sett opp messeveggar for å skilje utstillingane. Målet på standen 2 x 1 m. Høgda er 2.4m. På kvar stand vil det vere eit bord. 

Dersom ein ynskjer å henge opp skilt, plakatar, bilete eller liknande på messeveggane skal det gjerast med tape eller på ein måte som ikkje skadar messeveggane.

Det vert tilgang til trådlaust internett i messeområdet.

Det er viktig at de planlegg standen nøye i forkant.

Dersom det er informasjon som er uklår eller de har spørsmål er det berre å ta kontakt. I tida fram mot 21. mars arbeidar vi med å kvalitetssikre fylkesmessa for å gjere dette til ei positiv oppleving for dykk som arbeidar med ungdomsbedrifter.

Meir informasjon vert sendt ut etter at påmeldingsfristen har gått ut.  Difor er det viktig at de følgjer nøye med på både e-post og våre nettsider.

Vi ber dei som skal delta i konkurransane om å lese konkurransekriteria nøye. Dette må gjerast for at ein skal få med alt materiell / beskrivingar som er viktige å få sendt inn i samband med konkurransane.

Spørsmål om stand rettast til :

Eivind Husabø på e-post: eivind.husabo@ue.no  eller på 415 30 660