Entreprenørskapsmesse Sogn

Sogn og Fjordane · 06.mai 2015

Onsdag 6 mai arrangerer Sogn regionråd i samarbeid med Ungt Entreprenørskap den årlege entreprenørskapsmessa for kommunane i Sogn. I år vert messa arrangert i Sogndal. Som vanleg vert det utstillingar av elevbedrifter frå alle kommunane, og det vert tevla i tre ulike klassar, nyskaping og kreativitet, formidling og kommunikasjon, og miljø og bærekraft. Alle elevar som deltek på messa vil få besøke spanande næringsliv i Sogndal. I tillegg får dei foredrag av sjukepleiar, breførar, turistguide, matskribent, kokk, kajakkinstruktør og gründer Sigrid Henjum. 

Vel møtt!