Entreprenørskapsmesse Sogn

Sogn og Fjordane · 07.mai 2013

Tysdag 7 mai er det klart for entreprenørskapsmesse i Vik i Sogn. Der blir utstillingar og stand av ulike elevbedrifter, og andre aktivitetar som elevane kan vere med på. Vi legg ut fullstendig program når det er klart. 

Oppskrifta på suksess er alltid å vilja noko, anten det gjeld idrett, kultur, skule eller
i arbeidslivet. Då er det lurt å vita kva ein vil, kva draumar du har for framtida. Kva
yrke skal du velja for å få draumane realisert i Sogn? Entreprenørskap i skulen
handlar om kreativitet og nytenking. Det handlar om å bruka dei ulike faga i skulen
på spanande måtar, når ein til dømes lagar ei elevbedrift i 9. klasse – eller ei
ungdomsbedrift på vidaregåande skule. Entreprenørskap handlar om samarbeid og
samspel med lærarar, elevar, organisasjonar, lokalsamfunn og bedrifter.
På entreprenørskapsmessa i Vik vil du få sjå elevbedrifter frå 9. klassar i Sogn.
Du vil få ei guida omvising til ei av dei mange spanande bedriftene i Vik. Kva
produserer dei? Kva skal til for å kunne jobba der i framtida? På messa vil du også
få eit engasjerande føredrag med fotografen og gründeren Thomas Morel frå Feios.
Moglegheitene ligg i Sogn …

Program for dagen : 

09.00 - 11.00 Rigging av elevbedriftene
11.00 - 11.30 Opningsarrangement
11.45 - 14.15 Besøk på stand, føredrag og besøk til lokale bedrifter
14.20 - 14.50 Avslutningsarrangement

sognemesse 2013