Frå teori til praksis på Leder for en dag

Oppland · 28 okt 2016

Frå teori til praksis på Leder for en dag

Sirianne Hellerud og Vibeke Hammer Madsen delte leiarstolen i Virke 27. oktober. Foto: Virke.

27. oktober fikk 32 unge talent frå heile landet ein dag dei seint vil gløyme. Dei fikk følge kvar sin toppleiar gjennom ein heil arbeidsdag. Sirianne frå Lillehammer inntok sjefsstolen i Virke, medan Simon frå Gjøvik fikk prøve seg som leiar for Manglerudhjemmet.

Ungt Entreprenørskap og ManpowerGroup står bak initiativet, som i år blei gjennomført for fjortande gang. Dei som blir valgt ut til å delta, har utmerka seg blant dei 12.000 elevane og studentane som kvart år driv ungdoms- og studentbedrifter. Sirianne Hellerud er daglig leiar i studentbedrifta Repose SB, som vann prisen for Beste sosiale entreprenør på NM for studentbedrifter i 2016. Simon Håvi var daglig leiar i ungdomsbedrifta Organizer UB, som deltok på NM for ungdomsbedrifter 2016 og vann tredjepris i FERD-prisen for størst verdiskapingspotensial.

Sjef for Virke i ein dag

Sirianne fikk ta følge med administrerande direktør i Virke, Vibeke Hammer Madsen. Begge to har eit stort og inderlig engasjement for sosialt entreprenørskap, og fann tonen frå første stund. - Vibeke er ei dame med kontroll, motivasjon og driv, seier Sirianne Hellerud. - Dagen som toppleiar for Virke var spennande, interessant og lærerik!

Sirianne studerer organisasjon og leiing ved Høgskolen i Lillehammer, og gjennom Leder for en dag fikk ho oppleve korleis teorien ho har lært på studiet, kan omsettast til praksis. - Det var utrulig spennande å få lære om korleis Virke fungerer som ein ressurs for medlemmane sine, fortel Sirianne. Dagen var prega av hektisk møteverksemd og eit tett tidsskjema, og til tider måtte dei to leiarane småjogge for å rekke alle avtalane.  

- For mange kan nok alle disse møta virke skremmande og stressande, men for meg ga det meirsmak, seier Sirianne, tydelig inspirert etter ein innhaldsrik dag i sjefsstolen.

Gjensidig læring

Leder for en dag blei avslutta med ei samling på Stortinget. Der kom også Simon Håvi saman med leiar for Manglerudhjemmet, Hilde Helland. Begge var strålande fornøgde med dagen, og Hilde var raskt ute med å fortelle at det ikkje berre var Simon som hadde lært noko denne dagen. Med sine innspel og forslag hadde Simon bidratt til at også Hilde satt igjen med nye idear og tankar etter endt arbeidsdag.

Simon Håvi dreiv ungdomsbedrift ved Raufoss vgs i fjor, og har i haust starta på sjukepleiarutdanninga ved NTNU Gjøvik. I tillegg har han ekstrajobb på sjukeheimen på Kapp. Dagen ved Manglerudhjemmet var derfor svært faglig relevant. Også Simon fikk sett korleis teorien blir omsett til praksis, og korleis Manglerudhjemmet sine nye og utradisjonelle metodar gir auka trivsel for dei eldre. Noko av det som Simon lærte aller mest av, var å sjå korleis små ting kan gjere ein stor forskjell.

HH_SH_lederforendag_3