Ungdomsbedrifter fekk presentere seg for landbruks- og matministeren

Møre og Romsdal · 29 nov 2016

1.	Dale viser gamle kunster.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale besøkte Stranda vgs. i samband med opninga av Skinkerådhuset i Stranda.

Jon Georg Dale har tidlegare vore elev ved Stranda vgs, der han utdanna seg som kjøtskjerar.

Rektor Jon Hjortdal fortalde om skulen si utvikling fram til i dag. Vidare var det omvisning i Restaurant og matfag sine lokaler. Her fekk ministeren  møte  dagens elevar i arbeid. Som ein del av omvisninga vart han utfordra til å vise sine ferdigheiter frå skuletida. Han vart beden om å partere eit lam for dei frammøtte. Det er ingen tvil, framfor tidlegare lærarar som fulgte godt med viste han gamle kunstar.

Landbruks- og matministeren fekk deretter  ein flott presentasjon av dei fire ungdomsbedriftene ved skulen, der han også fekk smake på produkta. Landbruksministeren lot seg tydeleg imponere.
Besøket vart avslutta med at Jon Georg Dale fortalde om tida ved skulen, han oppmoda elevane til sette seg mål og jobbe bevisst mot desse.

UB1 (1)

UB1 (2)

Landbruks- og matministeren saman med UBàr frå Stranda vgs.
ved Helen Longva Fet