Ungdom vil satse på turisme og gjennvinning av plast

Møre og Romsdal · 14 feb 2018

Ungdom vil satse på turisme og gjennvinning av plast

Gjenvinning av plastavfall frå fjord og hav og satsing på turisme kan gi framtidige arbeidsplassar i Vanylven. I alle fall viss elevane frå vidaregåande skule i kommunen får det som dei ønskjer.

Dette kom fram under innovasjonscampen ved Herøy vgs si avdeling i Vanylven. Oppdraget som elevane fekk under campen, var kva nye arbeidsplassar som kan skapast ved fjorden og havet i kommunen. Vanylven utvikling AS var oppdragsgjevar.

Elevane viste stor kreativitet under innovasjonscampen. Sjølv om Vanylven er ein fin plass å bu, må det skapast nye arbeidsplassar for at folk skal busetje seg i kommunen. Plastavfall frå fjord og hav kan nyttast som ein ressurs, meinte elevane i gruppa Plastik Fantastik, som gjekk av med 1. premien. Plasten kan gjenvinnast til salgbare produkt og på denne måten skape nye arbeidsplassar.

-          Eit realiserbart konsept, meinte juryen, som også peika på at vinnargruppa tok tak i eit stort miljøproblem.

Gruppa Sjømørane vann 2. plassen og ville satse på turisme på Fiskåholmen, som ein framtidig stoppeplass for Hurtigruta og ein stad for anna turisme med sjøkafe, dykking, snorkling, fiske og sightseeing.