Starta ungdomsbedrift og inviterte til julemarknad

Møre og Romsdal · 12 des 2016

Elevar frå Godt Laget UB  viser fram produkta sine.

17 elevar på studiespesialiserande tilrettelagt line ved Fagerlia vgs. starta ungdomsbedrifta  Godt Laget UB i haust og inviterte til julemarknad nyleg.   

Elevane i ungdomsbedrifta  har vore svært produktive, og  på julemaknaden  var det mange fine julegåver å få kjøpt. Alt frå juledekorasjonar, krydder, krakkar , julekaker til  trekasser  og mykje meir. Nokre av produkta vart raskt utselde, men elevane ordna med nye bestillingar før jul.

Elevane i Godt Laget UB synest  dei har lært mykje, og at det var svært kjekt at så mange kom til julemarknaden. Etter ein god handel kunne ein slappe av med kaffi og godkaker.

Fagerlia bilde 3

Helen Longva Fet