Sjømat på timeplanen

Møre og Romsdal · 16 okt 2017

Sjømat på timeplanen

Representantar frå lokale bedrifter  innan sjømatnæringa i Herøy kommune og andre fagpersonar stilte opp for 120 elevar ved Herøy vgs, då dei gjennomførte Innovasjonscampen «Ringer av vann» nyleg. Fagfolk innan både fiske, havbruk og leverandørindustrien stilte opp for å dele sin kompetanse med elevane. 

Elevane presenterte mange spennande og  gode løysingar, og juryen vart imponert.

Førsteplassen gjekk til gruppa «Sander AS». Vinnargruppa sin  idè er å lage eit miljøvennleg oppdrettsanlegg som kombinerte oppdrett av sjøpølse, tang og tare i si eiga inngjerda næringskjede.

Tang og tare lever på fotosyntesen og trekker til seg plankton og andre mikroorganismar. Sjøpølsa lever av mikroorganismar, men også av å reinse havbotnen for ureinheiter som daude organismar som t.d. fiskeslo. Noko som kan gi potensiale til eit samarbeid med eksisterande fiskeoppdrettarar, for å nytte seg av deira avfall.

Fleire av bedriftene ønsker å fortsette samarbeidet med skulen etter Innovasjonscampen.