Innovasjonscamp på Ørsta ungdomsskule

Møre og Romsdal · 9 sep 2015

Elevane på 9. trinn gler seg til å ha gründercamp i veke 40. Både dagleg leiar Odd Magne Vinjevoll hjå Ørsta Næringskontor (t.v.), inspektør Helge Hamre og rådgjevar Heidi Aambakk ved Ørsta ungdomsskule er takksame for godt samarbeid mellom skulen og det lokal næringslivet. Elevane Marius Stinessen Osborg, Anny Mårstøl Vinjevoll, Knut Eirik Hovden og Katrine Ose er spente på kva oppdrag dei får under gründercampen.

I veke 40 vert elevane på 9. trinn ved Ørsta ungdomsskule nærare kjent med lokalt næringsliv gjennom ein gründercamp, eller ein innovasjonscamp som det gjerne vert omtalt som. Då får dei overlevert dagsaktuelle vekesoppdrag frå kring 30 verksemder frå offentleg og privat næringsliv. Rådgjevar Heidi Aambakk har kontakta ulike aktørar i næringslivet, og ho håper at mange vil delta med gode oppdrag til elevane.

Ny gründercamp i Ørsta

Førre skuleår la skulen om tidspunktet for gründercampen frå våren til hausten, og difor vart det eit kull med 9. klassingar som ikkje fekk tilbod om ein slik camp. Ørsta kommune er ein entreprenørskapsløypekommune og satsar på nyskapande og innovativ samhandling med næringsliv på fleire trinn i grunnskulen.

Nytilsett inspektør ved Ørsta ungdomsskule, Helge Hamre, har erfaring frå tidlegare gründercampar ved Austefjord skule og ser fram til å vere med på dette i haust.

Mangfaldig næringsliv

–                    Ørsta har eit spennande og mangfaldig næringsliv. Som institusjon er skuleverket den viktigaste samfunnsbyggaren i ein kvar kommune. Å halde på og utvikle barn og ungdom si naturlege skaparevne og kreativitet er noko av det viktigaste vi gjer. For dei fleste av elevane våre er Gründercampen det einaste høvet dei har til å arbeide saman med næringslivet med eit slikt fokus. For å lukkast med dette arbeidet, både på kort og lang sikt, er det avgjerande at føretak i alle storleikar og typar stiller seg til disposisjon med gode oppdrag for ungdomane i Ørsta desse dagane, og følgjer opp med tett og kvalifisert rettleiing, seier han.

Heidi Aambakk som har vore med på desse campane i fleire år ser at mange elevar får bruke kunnskapane sine på andre måtar i ein gründercamp enn i den vanlege undervisninga. Slik sett meiner ho at dette er ein annleis måte å tileigne seg kunnskapar om næringslivet på, og få bruke eigen kompetanse, som kan vere matnyttig på mange måtar i framtida.

Ut for «danning» - heim for jobb

Dagleg leiar Odd Magne Vinjevoll hjå Ørsta Næringskontor har fleire gongar vore med i juryar i gründercampar og har samarbeidd med ungdomsskulen om å finne aktuelle samarbeidspartnarar i prosjektet.

- Med gründercampen får elevane prøve seg i å synleggjere kva resursar som finst i lokalsamfunnet, korleis arbeide og fungere i team, problemløysing og ta eigne avgjersler. Å knyte kontakter til det lokale næringsliv er svært viktig for elevane. Dette styrkar kunnskapane deira om ulike yrke, og gir dei informasjon om det lokale næringslivet. Noko som gir betre grunnlag for å ta dei rette vala til utdanning for seinare å kunne bu og jobbe i Ørsta, understrekar Vinjevoll.

Bedrifter kan ta kontakt

- Om det er verksemder og bedrifter som kan tenkje seg å vere med som mentorar og levere inn vekesoppdrag og som ikkje har vorte kontakta av skulen, er dei velkomne til å melde seg sjølve som aktuelle og få vite meir om kva dette går ut på, oppmodar ho.

Fredag 2. oktober avgjer ein lokal jury kven av gruppene som får tildelt prisar, etter at dei har høyrt kvar gruppe leggje fram sine presentasjonar. I møtet med næringslivet får elevane kjennskap til både økonomiske omsyn dei må ta, «å halde korta sine» tett innåt seg før dei legg dei fram for andre og ikkje minst er det å kunne samarbeide godt med andre eit viktig kriterium for å lukkast med vekesoppdraga.

Hjørdis Almelid Vikenes (tekst og foto)