13 dager igjen til vårens vakreste eventyr og ZUP UB vet å friste!

Møre og Romsdal · 2 mars 2017

13 dager igjen til vårens vakreste eventyr og ZUP UB vet å friste!

Kunne DU tenkt deg å smake på ein smoothie produsert av bær frå landets beste jordbæråkrar, men har innsett at dette ikkje finnast på marknaden? 

Produkt ZUP UB

Fortvil ikkje lenger! Vi er ZUP UB frå Stranda vgs, og vi har akkurat det du ser etter. Vi er ei tverrfagleg bedrift beståande av elevar frå studiespesialiserande og restaurant- og matfag. Vår forretningsidé er at vi skal tilby ein sunn smoothie med gode og forfriskande smakar, til både store og små. Dei er produsert av dei beste kvalitetsbæra frå lokalområdet. Vi tilbyr tre kvalitetsprodukt: ein med jordbær og bringebær, ein med jordbær, bringebær og kanel, og ein tredje revolusjonerande ein med jordbær, bringebær og kolsyre. Produkta våre er foreløpig berre å finne i hyllene på REMA 1000 Stranda. Hald augene opne for plutseleg er vi i ein butikk nær deg! 

ZUP UB med Mat og landbruksminister Jan Georg Dale