Heldagskurs i Ungdomsbedrift

Møre og Romsdal · 10.september 2014

Bilde til kurs 2014

Velkommen til oppstartkurs i metoden Ungdomsbedrift på Ålesund kunnskapspark.

Målgruppe:
Alle lærarar i den vidaregåande skulen som ynskjer å arbeide med ungdomsbedrift og entreprenørskap.

Påmelding innan tysdag 3. september, 2014.

På kurset legg vi vekt på å bli kjent med læremateriellet til Ungt Entreprenørskap, UB-løypa.
Vi har fått nytt registreringsystem som vi også skal gå igjennom.
Ta med PC.

Kurshaldarar: Helen Longva Fet og Kirsten Aure

Vi ser fram til ein lærerik dag med nyttig informasjon som kan gi deg inspirasjon til å bruke metoden i undervisninga di.
Kurset er lagt opp slik at ein kan følgje Timeekspressen til og frå. Busstopp ved høgskolen.
Ved bruk av eigen bil: Ring telefonnummeret ved bommen til parkeringa for å kome inn på parkeringsområdet.

Vend deg til resepsjonen i NMK-bygget for å få adgangskort.

Vel møtt!

Program onsdag 10. september

09.45 – 10.00 Registrering. Kaffe/ te og litt å bite i.

10.00 – 10.30 Entreprenørskap. Kva og kvifor?

10.30 - 10.40 Pause

10.40 – 12.00 Ungdomsbedrift som metode for vgs. Etablering og registrering.

12.00 – 12.30 Lunsj

12.30 – 13.15 Ungdomsbedrift som metode. Drift.

13.15 – 13.30 Kaffe/ te

13.30 – 14.00 Ungdomsbedrift som metode. Drift og avvikling.

14.00 – 14.10 Beinstrekk

14.10 – 15.00 Oppsummering og info.