SMARTare Energi - Lærarkurs i Nordhordland

Hordaland · 27.november 2014

Ungt Entreprenørskap inviterer til kurs for lærarar i programmet SMARTare Energi 6. trinn (evt. 5. - 7. trinn)

Kursdato:        Torsdag 27. november 2014, kl. 12.30 – 15.30
Stad:               Nordhordland folkehøgskule, Holtermansvegen 3, 5918 Frekhaug

Meld deg på elektronisk ved å trykkje her.

Program for kursdagen

  • Kva er SMARTare Energi?
  • Korleis å arbeide med fornybar energi i skulen /v Asle Moldestad frå Vil Vite
  • Førebuing til SMARTcampen
  • SMARTcamp i praksis – trening i kreativitet og løysing av oppdrag

SMARTare Energi, målgruppe 6. trinn (5.- 7.)

SMARTare Energi er eit undervisningsopplegg med fokus på fornybar energi og kreativitet. Programmet vert gjennomført i løpet av ein skuledag og vert organisert som ein SMARTcamp.

Denne dagen setter vi fokus på fornybar energi og korleis vi kan tenkje kreativt for å finne klimakloke løysingar for fremtida. Dagen tek til med oppvarming i kreativitet og samarbeid før elevane får løyse ei dagsaktuell problemstilling knytta til temaet fornybar energi.

SMARTare Energi inspirerer elevane til skaparglede, handling og samarbeid. Programmet stimulerer elevane sin kreativitet, nysgjerrigheit og evne til problemløysing. Elevane brukar eigne erfaringar, kunnskapar og interesser. I forkant av campen oppfordrar vi skulane til å arbeide med temaet fornybar energi.

I Nordhordland vil vi arrangere SMARTcampar for fleire skular samstundes. Det vert kåra eit vinnarlag frå kvar kommune som får moglegheit til å delta i fylkesfinalen for SMARTare Energi, 15. april 2014 på VilVite.

Gjennomføringsperiode for Nordhordland: 2.- 13. februar