Lærarkurs i SMARTare Energi for 5.-7. trinn på Voss

Hordaland · 25.november 2013

Ungt Entreprenørskap inviterer til kurs for lærarar i programmet SMARTare Energi

Kursdato:        Måndag 25. november 2013, kl. 13.00 - 16.00
Stad:             Auditoriet, Høgskulebygget

Påmelding til: elin.klette@voss.kommune.no Påmeldingsfrist 20.november.

Program for kursdagen

  • Kva er SMARTare Energi?
  • Korleis arbeida med fornybar energi i skulen /v Asle Moldestad frå Vil Vite
  • Førebuing til SMARTcampen
  • SMARTcamp i praksis – trening i kreativitet og løysing av oppdrag

 SMARTare Energi, målgruppe 5.- 7. trinn

SMARTare Energi er eit undervisningsopplegg med fokus på fornybar energi og kreativitet. Programmet vert gjennomført i løpet av ein skuledag og vert organisert som ein SMARTcamp.

Denne dagen set me fokus på fornybar energi og korleis me kan tenkja kreativt for å finna klimakloke løysingar for framtida. Dagen tek til med oppvarming i kreativitet og samarbeid før elevane får løysa ei dagsaktuell problemstilling knytta til temaet fornybar energi.

SMARTare Energi inspirerer elevane til skaparglede, handling og samarbeid. SMART-programmet stimulerer elevane sin kreativitet, nysgjerrigheit og evna til problemløysing. Elevane brukar eigne erfaringar, kunnskapar og interesser. I forkant av campen oppfordrar me skulane til å arbeida med temaet fornybar energi.

Gjennomføringa av SmartCamp vert for alle skulane 29. januar 2014 i idrettshallen.

Det vert kåra eit vinnarlag frå kvar kommune som får moglegheit til å delta i fylkesfinalen for SMARTare Energi, 9. april 2014 på Vil Vite.