Valfagsmessa på Geilo

Buskerud · 29 mai 2018

Valfagsmessa på Geilo

Torsdag 3. mai var det valfagmesse på Geilo. Då møttes alle 8. og 9. klassingar i heile Hallingdal for å konkurrere mot kvarandre, både innan- og utanfor sine eigne valfag.

Av Kristin Håheim og medelevar på Medier og informasjon valfag, Ål ungdomsskule

Med ein gong folk kom, fekk kvar enkelt av valfagsgruppene eit eige område i samfunnshuset til å sette opp ein stand. På standen kunne dei ha smaksprøver, egne konkurranser, plakat, bildeframvising på pc, … osv. Etterpå ønskte Erna Viken Holvik velkommen i Storesalen, etterfølgt av eit åpningsshow.

Så var det berre å begynne, Fysisk aktivitet og helse (fysak) instruerte kvarandre, Sal og scene viste fram skodespela sine og viss ein vart svolten, var det sal av mat i kantina på ungdomsskulen.

Beste elevdrift: vart "GuroGuro & co" frå Gol. Juryen meinte at dei hadde lagd eit miljøvennlig og praktisk produkt som alle har bruk for.

Beste stand: var det "Jungeljentun" frå Hemsedal som vant. Dei hadde godt fargevalg med farger som harmonerte, Skiltet var røft og bra. Pluss for fin bruk av lys, og på toppen av alt var dei engasjerte budbringere.

Beste redesign: var det Skrot og plank frå Geilo som stakk av med. Dei hadde laga ein solid og brukarvennlig benk som drog oppmerksomheten til juryen.

Mest innovative ide: Var det tradisjonsmedvetne "HALLING DAY" frå Geilo som vant. Dei møtte opp i tradisjonsrike bunader.

Beste matrett: var det «5 om da'n» frå Hemsedal som hadde. Dei hadde eit godt utval på menyen, med mange spennande smakar.

Beste presentasjon frå scene: var det Geilo som vant, dei hadde satt opp musikalen «High School Musikal»

Beste fysiske aktivitet: Var det «Knarkz» frå Ål som vant. Gruppa var godt forberedt og hadde tydeleg instruksjon.

Beste selger(e): Var Didrik Nilsen (Geilo) og Vaiva (Gol)

Fysakk_Gruppe_ÅL2

I Geilohallen var opplegget slik: ei gruppe med valfag Fysisk aktivitet og helse instruerte ei anna. Slik bytta ein på rollene utover dagen.

Skogvokterne2

Mange ulike "stands" med ulik informasjon. Her ei gruppe frå Natur, miljø og friluftsliv (Geilo) til venstre og ei gruppe frå Fysisk aktivitet og helse (Ål) til høgre. Åsne Helgeland Furuseth (Geilo) til venstre. Sandra Søla Evjen (Ål) til høgre.