ShoeSaver UB er klar for NM UB 2017

Sogn og Fjordane · 20 april 2017

ShoeSaver UB er klar for NM UB 2017

ShoeSaver UB er Sogn og Fjordane sin representant i konkurransen Norges beste Ungdomsbedrift 2017. Foto: Ungt Entreprenørskap.

 
  
ShoeSaver UB frå Årdal vgs har utvikla ein festivalsokk som skal hindre at skoa dine blir våte eller øydelagde i gjørme og vått ver.  Sokken har fleire bruksområde og kan brukast innandørs for å unngå smuss og spare vasking av golv.

 
– Ideen oppstod på den lokale musikkfestivalen Målrock. Der hadde ein i bedrifta prestert å ta på seg kvite sko. Det hadde regna heile veka og festivalområdet var moldete og ekkelt. Dette resulterte i at dei kvite skoa vart øydelagde, fortel Anders Lereng.

Dagleg leiar i bedrifta, Hans Skogli, uttalar fylgjande om NM deltakinga i byjinga av mai : 

Kva tenker du om at ShoeSaver skal til NM for UB ?

 - Det er ein strålande anledning for oss å vise fram produktet og bedrifta. Me har jobba målretta gjennom skuleåret og er henrykte over å få sjansen til å representere Sogn og Fjordane i NM for UB. 

Kva er dykkar ambisjonar på NM for UB ?

 - Det å delta i NM er stort i seg sjølv. Derfor vil eventuelle prisar vere ein bonus for oss. Me håpar at me får ei flott oppleving og me vil nyte kvart sekund av det. Når det er sagt så er me ei ambisiøs ungdomsbedrift som går for gull. Me    håpar å få med oss ein pris heim og at me kan hevda oss i klassen for Beste ungdomsbedrift. 

Bilde: Last ned (Flickr). Foto: Ungt Entreprenørskap
   
Kontakt:  Hans Skogli, dagleg leiar i ShoeSaver UB, mobil 975 92 141
   
   
Bak bedriften: Hans Skogli (dagleg leiar), Ørjan Sunde Vik, Mathias Rinde, Andrine Natvik Jevnaker, Anders Lereng og Thomas Jevnaker Lien.
   
Studiested:  Årdal vidaregåande skule, VG2 Service og samfersel
   
Priser på fylkesmessa:             Beste Ungdomsbedrift,  Beste innovative produkt, Beste HR-bedrift, Beste marknadsføring, Beste forretningsplan, Beste produkt
   
   
Media: NRK :  https://www.nrk.no/sognogfjordane/gar-vidare-til-nm-med-festivalsokkar-1.13459663 
   
  Sogn Avis :  http://www.sognavis.no/siste-nytt/nyhende/ungdomsbedrift-fr-rdal-skal-til-nm 
  Porten :  http://www.porten.no/artikler/nyhende/dei-beste-ungdomsbedrifta-fylket 
   
Egne kanaler: http://theshoesaver.com/  
  Facebook
  YouTube:  https://www.youtube.com/watch?v=h3O5BFH6150 
   

   

ShoeSaver