Kreativ matglede på gründercamp

Oppland · 17 juni 2014

Kreativ matglede på gründercamp

Kreativt kaos på kjøkkenet

Måndag 16. juni var 40 unge matgründarar frå Oppland og Hedmark samla til gründercamp på Lillehammer. Ungdoms-OL 2016 var dagens oppdragsgivar, og oppdraget gikk ut på å lage den optimale OL-matpakka. Elevane imponerte stort, og konkurransen var knallhard, men til slutt var det Vågå ungdomsskule som vann førstepremien.

Etter inspirasjonsseminaret for mat og helselærarar, som UE Oppland og UE Hedmark arrangerte på Hoel gård i januar, har lærarane arrangert gründercampar lokalt på sine skular. Det var vinnarlaga frå disse campane som var samla til ein regional finale på Lillehammer.

Matpakke til Ungdoms-OL

Ungdoms-OL hadde definert følgjande oppdrag som dei trengte hjelp til å løyse:

«Lag den optimale Ungdoms-OL matpakka. Den skal bli med ut på ein lang dag i skiløypa eller på tribuna der vi heier fram nye OL-vinnarar. Matpakka skal passe for ein ung, aktiv og sunn livsstil -  ein dag ute krev mykje energi. Vi ønskjer at den skal innehalde ein basis av lokale råvarer og smake like godt etter eit par timer i sekken, sjølv når gradestokken kryp ned mot 20 minus. Ungdom er målgruppa, derfor er det viktig at den ikkje kostar for mykje. Som ein del av oppdraget skal de også kome med forslag til emballasje og design på denne. Matpakka skal ha ein ungdommelig og gjenkjennelig Ungdoms-OL profil. Utforming og innpakning bør vere funksjonell og enkel.»

Kreativitet på kjøkkenet

Seks skular og til saman åtte lag deltok i finalen. Frå Oppland deltok ungdomsskuleelevar frå Skjåk, Vågå og Otta. Elevane jobba iherdig gjennom dagen, og kjøkkenet på Mesna syda av energi og matglede – eit herlig kreativt kaos! Mot slutten av dagen presenterte gruppene sine matpakkeforslag for kvarandre, og ikkje minst for juryen som fikk ei vanskelig oppgåve med å kåre ein vinnar.

Gratulerer til Vågå!

Til slutt var det Vågå ungdomsskule som trakk det lengste strået og kunne juble over sigeren. Matpakka deira hadde timian som ein gjennomgående ingrediens, dvs. det var timian i alt! Matpakka bestod av ein wrap med spekeskinke og steikte poteter, ein wrap med røykt laks og eggerøre, ein tropisk shot av jordbær og blåbær og ein knaskekos av gulrot og kålrot.

Som premie blei vinnarlaget invitert av Ungdoms-OL til å ta med heile klassa og presentere og servere matpakka på eit arrangement i regi av Ungdoms-OL i løpet av hausten 2014.

UE Oppland og UE Hedmark rettar stor takk til våre gode støttespelarar som var med og gjorde gründercampen mulig: Ungdoms-OL Lillehammer 2016, Lillehammer vgs. avd. Mesna, Gudbrandsdalsmat, TINE, BAMA, Grilstad, Nortura, NHO Reiseliv Innlandet, Matbransjens opplæringskontor, Fylkesmannen i Hedmark og Lærlingekompaniet Innlandet.

Ungdoms-OL presenterer oppdraget

Håkon Lauvålien frå Ungdoms-OL presenterer dagens oppdrag

Løsningsforslagene

Mange spennande forslag!

Vinnarlaget

Glade vinnarar frå Vågå ungdomsskule, f.v. Marius Hagen Brun, Sara Strøm Stasviken, Thea Skottlien og Thor Svee Bjørndal.