Om oss

Vi inspirerer unge til å tenke nytt og til å skape verdier

Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal (UE MR) er ein ideell organisasjon som vart stifta 8.2.2001. Stiftarar var bedrifter, organisasjonar og offentleg sektor i fylket.

Ungt Entreprenørskap (UE) består av eit nasjonalt sekretariat og 17 fylkesorganisasjonar. Nettverket har felles formål og vedtekter. Ungt Entreprenørskap skal, i samspel med utdanningssystemet, næringslivet og andre aktørar arbeide for å utvikle barn og unges kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv.

Desentralisert organisering gjer at UE er nær skolane, lokale myndigheiter og lokalt arbeids- og næringsliv.

Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal forvaltar merkevara til UE og tilbyr undervisningsmateriell, aktivitetar og kurs for heile utdanningsløpet. Målet er at alle elevar og studentar i fylket skal få god entreprenørskapsopplæring. Saman med lokalt arbeids- og næringsliv skal vi gje elevane meir kunnskap om kva muligheiter som finns i omverda og i dei sjølve!

I 2013 nytta 9000 elevar og studentar i fylket eit undervisningsprogram frå Ungt Entreprenørskap. Lokalt arbeids- og næringsliv bidrog med 2 800 dagsverk i gjennomføringa av UE sine program.

Møre og Romsdal ønskjer fleire arbeidsplassar, at dei unge tek utdanning og boset seg her!

Ta kontakt med oss for meir informasjon!