Ungdom ved Volda videregående vet hva de vil bruke det nye kuturhuset til

Møre og Romsdal · 15 juni 2017

Ungdom ved Volda videregående vet hva de vil bruke det nye kuturhuset til

Flott innsats ved innovasjonscampen 12.-13. juni.

Sender dykk utdrag frå forretningsplanane til dei to beste gruppene. 

Vinnar vart gruppe 6, «Verdsbygget».                     

«Vi vil satse på eit spektakulært bygg med  moglegheit for å oppleve minneverdige musikalske og dramatiske sceneframsyningar, kino, kjekke aktivitetar som minigolf på taket, underjordisk bowlingbane og kulturelle møter. Vi vil gjere verdsbygget til ein unik turistattraksjon. Kinosalen skal ha rader som representerer kontinent og seter som representerer dei ulike landa. Seta skal ha same fargar og utforming som flagga til kvart einskild land.  Å globalisere Volda vil vere eit stort steg i riktig retning med tanke på framtida. Bygget skal sjå ut som ei slags prismeforma jordklode med lyseblå farge på veggane som har område med grøne flekkar. Inngangspartiet skal ha ei stor rund dør forma som ei jordklode. Framfor bygget skal det vere ein statue. Statuen skal vere forma som ei jordklode som spinn rundt og rundt med ei pil som peikar utover frå Volda.

Vi tenker og at konsertsalen kan bli nytta av mellom anna musikklinja og kulturskulen og samtidig vere eit samlingspunkt for studentar med tanke på at plasseringa er mellom Hans Strøm-huset og Berte Kanutte-huset.»

  

2. plassen gikk til gruppe 13, «Kulturhuset - ein samlingsarena».

«Vi ynskjer å gi folk moglegheita til å sjå og oppleve biletkunst, fotokunst, musikk, dans teater, men samtidig gjere kulturhuset til ein arena der ein får moglegheit til å utvikle, lære og vise fram det ein har å by på. Med øvingsrom med tilgang på instrument, fotostudio, og dansestudio, skal folk få moglegheit til å utvikle kunsten sin. Ved å arrangere opne helgar eller opne dagar vil vi samle folk og alle kan nytte romma og utstyret. Ein vil der kunne få moglegheit til å møte og lære av andre.

Marknadsføring: App, avis, nettstad og sosiale medium».