Mobilitet og kollektiv transport i Nye Ålesund

Møre og Romsdal · 24 april 2018

Korleis få folk til å gå over frå privatbil til kollektiv transport? Elevane ved  Fagerlia vidaregåande skule og Ålesund  vidaregåande skule arbeidde med dette temaet under  innovasjonscampen på The North West-konferansen i Ålesund.

Oppdraget var gitt av Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdals  fylkeskommune. Korleis ser ungdommen for seg kollektivtilbudet  i Nye Ålesund  om tre-fem år? Kva endringar må til, og kva ny teknologi kan nyttast?

Elevane var enige i at kolliktivetilbudet i dag er for dårleg, og at teknologien som blir nytta må oppgraderast. Med enkle grep vil ein kunne møte fleire av kundane sine behov. Utviklinga går raskt. Mange elevar ønskte seg ein app med fleire funksjonar; betaling, om bussen er i rute, signal til busssjåfør om du skal på og av, m.m.

Ungdommane presenterte mange god idear, som ekspressbussar i bane over gatenivå, eller eit bysamband beståande av elbåt, buss, sykkel og bybane. Flere av ungdommane meinte at «bysyklar» vil bli meir nytta som ein del av kollektivtilbudet. Elbusser i ulike størrelser, monorail som skal drivast av elektrisitet eller solcellekraft, elektrisk undergrunnsbane og «airway» – en elektrisk «gondol» som går 20–30 meter over bakken.

 Ideen frå gruppa frå Fagerlia vgs. om  Hydrogentog under sjøen vart juryen sin vinnar.

Juryen si grunngjeving var følgjande: Svært innovativt og nytenande løysing. Har tenkt heilheit og tatt hensyn til dagens infrastruktur. Smart arealbruk med lite inngrep i naturen. Miljøvenneleg og heilt bilfri løysing som inkuderer heile regionen.

Det var stor stas at prisutdelaren under innovasjonscampen var Jonas Gahr Støre.