Mitt og ditt miljøavtrykk

Møre og Romsdal · 20 des 2017

Mitt og ditt miljøavtrykk

God planlegging = godt resultat

185 løysingsorienterte vg1-elevar ved Ulstein vidaregåande skule tar framtida på alvor. 

Klima og miljø var temaet under innovasjonscampen 18. og 19 desember. Å bli bevisst på kva miljøavtrykk kvar enkelt av oss set og kva endringar vi kan gjere har vore i hovudfokus. Oppdraget var å velje ei miljøutfordring som Ulstein vgs har og kome med ei meir miljøvennleg løysing på dette. Resultatet skulle presenterast i ein dokumentar i tillegg til eit marknadsproduktprodukt til filmen. På førehand hadde elevane fått opplæring i filming og redigering av Are Pilskog frå Blåst Film.

 

Charlotte Hauge frå Runde Miljøsenter og Linn Urke Osnes frå SSR (Søre Sunnmøre Reinhaldsverk) og filmen «Skyldig, jeg?»(NRK) var innleiinga til campen. Fleire personar med relevant kompetanse frå det lokale arbeids- og næringslivet var inne som rettleiarar og jury under campen. Elevane jobba godt under begge dagane og rettleiarane vart flittig brukt. Heile 30 filmar vart vist. Juryen kommenterte at elevane hadde sett seg godt inn i problemstillinga og kome med mange gode og gjennomførbare løysingar. Fleire av løysingane kan bli realiserte.