Kortreist mat og landbruksbasert reiseliv

Møre og Romsdal · 3 nov 2017

Kortreist mat og landbruksbasert reiseliv

Lokal matproduksjon kombinert med satsing på reiseliv var utfordringa elevane ved Gjemundnes vgs fekk av Fylkesmannens landbruksavdeling under Innovasjonscampen skulen gjennomførte nyleg.

Gerd Marit Alseth frå Tine si avdeling i Tresfjord og Brage Grønningsæter frå Kløverkjøt i Vestnes presenterte to lokale bedrifter og deira produkt.

Oppgåva elevane fekk var å lage ein matpakke med produkt frå dei to bedriftene, grønsaker frå skulen sitt gartneri kombinert med tilbod om to lokale turistaktivitetar. Elevane vart rettleia av personar frå fleire lokale bedrifter under Innovasjonscampen.

Oppgåva engasjerte  elevane. Mange gode løysningar vart presentert . Gruppa «Nonsmat» vart juryens favoritt og gjekk av med 1. plassen for si løysing:

Vinnarpakken besto av byggbrød, gjerne av lokalt dyrka bygg, Ridderost frå meieriet i Tresfjord, roastbiff frå Kløverkjøt og krokete gulrøter frå gartneriet. Krokete gulrøter vert som oftast vraka fordi leverandøren ikkje vil ha dei - men smaker like godt. Som aktivitet ville gruppa tilby heildags rideturar og fjellturar til Nonsfjellet, som gruppa også henta sitt namn frå. Rideturen skulle vere tilrettelagt for funksjonshemmede. I marknadsføringa  ville dei nytte sosiale media. Bedriftene Iconic Norway og Matbiten på Vestnes kunne stå for produksjon og sal av turpakken, meinte vinnargruppa.