Korleis få balanserekneskap og resultatrekneskap til å stemme

Møre og Romsdal · 7 des 2017

Korleis få balanserekneskap og resultatrekneskap til å stemme

Oppgåveløysing

Orden i bilaga og ein god mentor var stikkordet for kurset

Alle ungdomsbedriftene i fylket fekk tilbod om å delta på dei innhaldsrike rekneskapskursa som Ungt Entreprenørskap gjennomførte i samarbeid med Skatt Midt-Norge. Her fekk elevane ei grunnleggande innføring i kredit, debet, balanserekneskap og resultatrekneskap av Randi Teige Baadnes og Stein Høgseth frå Skatt Midt-Norge. Dette er kunnskap som ungdomsbedriftene må bruke i den daglege drifta, men som dei òg vil dra stor nytte av i det daglege liv. Mange syntes at kurset var både innhaldsrikt, vanskeleg og lærerikt, men fleire gledde seg til å sette kunnskapen ut i praksis og ikkje minst å få rekneskapet til å stemme. Foredragshaldarane frå Skatt Midt-Norge presiserte viktigheita med god orden i bilaga, å føre kontinuerlig og å ha ein god mentor som kan rettleie. Elevane som deltok på kurset fekk utdelt diplom for vel gjennomført kurs.