Innovasjoscamp ved Ulstein vgs utfordra elevane for å minske bruk av plast.

Møre og Romsdal · 20 des 2016

Fornøgde elevar ved Ulstein vgs

VG 1 elevane ved Ulstein vgs. vart utfordra av Runde Miljøsenter og Søre Sunnmøre Reinhaldsverk på å foreslå tiltak som kan  redusere bruken av plast i samfunnet. Utfordringa kom under ein innovasjonscamp nyleg.

Dette var eit tema og oppdrag som engasjerte elevane. Etter to engasjerte foredrag og med hjelp frå  fleire gode rettleiarar var elevane etter kort tid i full gang med å løyse oppdraget.

Dette var kjekt ,uttrykte elevane, som kom med mange gode forslag. Juryen fekk såleis  eit vanskeleg val med å kåre dei beste elevgruppene .

Til slutt gjekk gruppa PFF – Plastfri framtid av med sigaren. Løysinga var ein app som skal hjelpe  å redusere plastforbruket i matbutikkane. Appen skal få forbrukaren til å velje varer utan plastemballasje, både for å få ei billigare vare og for å  betre miljøet. Appen skal også ha innlagt ein konkurranse, der forbrukaren kan samle plastpoeng. Butikkjedene kan også konkurrere med å ha den beste kunden med  flest plastpoeng.

Juryen si grunngjeving: Idèen er gjennomførbar, aktuell i tida, framtidsretta for teknisk kompetanse og konkurransen kan vere effektfull.

I tillegg fekk Runde Miljøsenter og Sunnøre Reinhaldsverk med seg  mange gode forslag som også kan takast i bruk etter innovasjonskampen ved Ulstein vidaregåande skule.

IC vinnarar frå Ulstein vgs