Innovasjonscamp med suksess

Møre og Romsdal · 7 feb 2018

Korleis bruke velferdsteknologi og nye løysingar for at tilsette med helsemessige utfordringar kan stå i jobb?

Kristiansund kommune utfordra elevane i 2IDR ved Atlanten vgs med å komme med framtidsretta løysingar for å redusere sjukefråveret. Kreative elevar og veiledere frå Helseinnovasjonssenteret, Kristiansund kommune, aPOINT og Rehabspesialisten har kanskje funne oppskrifta. Juryen som bestod av representantar frå Kristiansund kommune og NAV meinte at elevane hadde gjort ein god jobb. Elevane håper at VR-briller, ein app med informasjon, sosiale grupper, konkurransar og makkergrupper for dei tilsette kan vere løysinga. Personalsjefen i kommunen vart så begeistra over resultata at ho skulle ringe rådmannen med ein gong. Eit resultat av dagen har personalsjefen invitert alle elevane som deltok til å presentere løysingsforslaga sine under ein minicamp kommunen skal ha for einingsleiarane i kommunen.