Elevane ved Borgund vgs. med fokus på marknadsføring av Design - og håndverk

Møre og Romsdal · 15 mai 2017

Elevane ved Borgund vgs. med  fokus på marknadsføring av Design - og håndverk

Elevane ved  Design og håndverk  ved Borgund vgs gjennomførte innovasjonscamp  der elevane sitt oppdrag var å lage eit marknadsføringsopplegg som får fleire tiandeklassingar til å søkje seg til studieretninga.

Anniken Vorpenes frå All Heart  hadde eit inspirerande foredrag om bruken av sosiale mediar før elevane  fekk presentert oppdraget som var gitta av utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Elevane fekk støtte av sju rettleiarar frå næringslivet med  kompetanse frå webdesign, reklame og marknadsføring. Juryen bestod fagfolk frå reklamebransjen, og dei hadde den vanskelege jobben med å kåre ein vinnar blant tretten gode forslag.

«DH-appen» vart vinneren.  Juryens grunngjeving: «Gjennomførbart prosjekt, eit konkret produkt med ein god plan. Vinnargruppa presenterte fleire vinklingar rundt ulike utfordringar når det gjeld innhald i appen. Breidda og aktivitetane til Design og håndverk kom fram på ein god måte. Elevane ga ei konkret skisse på nyttig informasjon som vil vere tilgjengelig i appen».

Utdanningsavdelinga fekk med dette overlevert ein god marknadsføringsidé som forhåpentlegvis vil verte utvikla vidare.