Eit nyttig kurs for ungdomsbedriftene

Møre og Romsdal · 6 des 2017

Eit nyttig kurs for ungdomsbedriftene

IA-avtalen signert

Kunnskap om IA-avtalen og HMS for Ungdomsbedrifter

I november fekk alle ungdomsbedriftene i Møre og Romsdal tilbod om kurs om IA- sertifisering av ungdomsbedriftene sine. Dette er eit kvalitetsstempel for ei bedrift

Det er NAV Arbeidslivsenter og Arbeidstilsynet som står for den faglege delen av kursa. Det var arrangert heile 8 kurs over heile fylke, og dei aller fleste ungdomsbedriftene signerte IA- avtalen.

Målet ved kurset er å gi elevane kunnskap om IA-avtalen og HMS for ungdomsbedrifter. Like eins å lage ein mål- og handlingsplan for ungdomsbedrifta.

Elevane som har gjennomført kursa synest det har vore nyttige kurs. Dei fekk betre forståing for kor viktig det er å vere inkluderande og å ha eit godt arbeidsmiljø i ungdomsbedriftene.