6. KLASSINGANE PÅ VOSS LØYSER ENERGIOPPDRAG

Hordaland · 8 feb 2018

hjghjftufu

Måndag denne veka var alle 6. klassingane på Voss med på SMARTare Energicamp. Der fekk dei i oppdrag

g av Voss Energi å visa korleis den nye byen i Myrkdalen kunne bli sjølvforsynt med energi.

Dei 166 elevane var samla i Idrettshallen på Voss til ein dag med intens jobbing. Her brukte dei både kunnskap og kreativitet for å koma fram til den beste ideen. Lærarane frå Voss er drevne i SMARTare Energi og rettleia elevgruppene i prosessen.

Vossestrand skule gjekk av med seieren, medan Vangen skule kom på 2. plass og Skulestad skule på 3. Vinnarlaget ville samla den sterke vinden på toppen av skiheisen i eit traktforma røyr. Nedst var det ei mølle som dreiv ein generator. Dei ville også bruke vasskraft frå elva i Myrkdalen og sol og jordvarme til oppvarming og lys.

Dette er 8. gongen SMARTare Energicamp vart arrangert av skuleavdelinga i Voss kommune og Ungt Entreprenørskap Hordaland. Dei siste vekene før campen hadde elevane lært om klima og fornybar energi.